Beate Slettevold Lech hadde urframføring av ”Min song og hjarteskatt” I Nidarosdomen under Olavsfestdagene i Trondheim i førre veke.
– Beate S. Lech – jazzsongarinna med bakgrunn frå trip-hop-gruppa Folk og Røvere, og som stadig er i vidareutvikling med Beady Belle, skulle presentere nye tekstar til gamle religiøse folketonar. Tekstar på nynorsk, skrive av kvinner. Det høyrdest spennande ut, og spennande blei det! Dette skriv meldaren frå Adresseavisa etter konserten i Nidarosdomen fredag.
Tekstane til salmene er basert på tekstar skrive av mormora til Slettevold Lech, samt forfattarane Olaug Nilsen, Hilde Myklebust, Marit Kaldhol og Bente Bratland.
Beate Slettevold Lech er frå Årdal i Sogn og Fjordane. Ho har ei allsidig bakgrunn frå musikkens verd og har gitt ut fleire album med ulike aktørar. Vi kan nemne: ”Bagateller” og ”Sommer hele året” med Folk & Røvere, ”Burglar Ballads” med Friko, ”Metropolitan” med Metropolitan og ”Home” med Beady Belle.
Adresseavisa-meldaren skriv vidare om fredagens konsert:
– Arrangementa har behalde essensen i dei gamle religiøse folketonane, men har gitt melodiane vesentleg meir variasjon enn det vi er vane til å høyre frå slike songar/salmer. Det er forfriskande improvisasjonar, spreke akkordar og eit par herlege bassgongar som verkeleg er med og fargelegg musikken. I tillegg er Lechs stemme ikkje anna enn oppslukande. Det er vanskeleg å ta augo frå ho. Det er så vakkert, røft – og ikkje minst originalt. Fredagens midnattskonsert i Domen var ei urframføring av «Min song og hjarteskatt», som vil bli gitt ut som album i november. Det var ei oppleving som framleis sit igjen. Eg gler meg allereie til november.
Arrangøren av Olavsfestdagane skriv om Slettevold Lech sitt språkval:
– Med seg på laget har ho hatt fleire kvinnelege nynorskforfattarar til å kome med nye tekstar til prosjektet, så ho har merka seg at det er veldig få kvinnelege tekstforfattarar innan norsk salmesong. At det i tillegg blir lagt vekt på nynorsken håpar ho har opne eit nytt univers for mange lyttarar.
På konserten i Nidarosdomen hadde ho med seg Jarle Vespestad på trommer, Torjus Vierli på harmonium, Erlend Slettevold på piano og Ingebrigt Flaten på bass.