Heim Nyhende Feirar 100 år med nynorsk i skulane

Feirar 100 år med nynorsk i skulane

Den første veka i september skal Jølster i Sogn og Fjordane feire at det er 100 år sidan nynorsk blei innført i skulane i kommunen.

Det er kommunen og mållaget som saman står for 100-årsfeiringa, kan Noregs Mållag fortelje. Det skal mellom anna vere ei målveke der skulane, barnehagane og kyrkjene har eit spesielt fokus på nynorsk.

Fredag 2. september blir det kulturkveld med førsteamanuensis Jan Olav Fretlnad, songar Linda Øvrebø, professor Kristian Fossheim og ordførar Gerd Dvergsdal. I tillegg skal elevar frå musikkskulen og Vassenden skule framføre utdrag frå framsyninga ”Come as you are!”, der alle tekstane er omsette til nynorsk.

Dagen etter blir det skuletime i det gamle skulehuset i Gjesdalen med historiske tilbakeblikk på målsoga i Jølster. Lektor Kjell Hamar skal vise lysbilete og forfattar Ragnar Hovland har litterære innslag. På kvelden laurdag inviterer Jølster Mållag til skrønekveld på Fjøsen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...