Heim Nyhende Pågang etter språkkurs

Pågang etter språkkurs

14 kommunar har så langt i år bestilt gratis språkkurs frå LNK. – No er det fullt for i år, men bestill gjerne til neste år, seier storfornøgd koordinator ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tone Skjerdal.

– Fem kommunar hadde språkkurset På saklista no i vinter og vår, og tilbakemeldingane derfrå er gode, seier Skjerdal. «Dette trengte me. Dette var moro.» Slik lyder det frå kursdeltakarar, og Skjerdal utdjupar:

– Det er mange tilsette i nynorskkommunane som ikkje har nynorsk språkbakgrunn. Dei kan synest det er tungt å jobbe med nynorsk. Men no, etter kurset, seier dei det er moro.

Kurset På saklista har vore eit tilbod frå LNK i ei årrekkje. Det er eit to dagars norskkurs for offentleg tilsette, og kurset fungerer best viss ein har nokre vekers avstand mellom dei to kursdagane.

– Kombinasjonen av å ha heimelekse ein må gjere mellom kursdagane, og det at ein tar dette kurset saman med fleire frå sin kommune, gjer nok at ein føler ein får stort utbytte av det, seier Skjerdal. Kurset, som er kome til i samarbeid mellom LNK og Høgskulen i Sogn og Fjordane, har to kurshaldarar som byter på å ha kurs.

Sjølv om det no er fullt på kurskalenderen i 2011, vil ikkje Skjerdal ta motet frå andre kommunar som og er lystne på kurs.

– Kontakt oss igjen i september, då kan vi byrje å planlegge nye kurs for 2012, rår ho nynorskkommunane.

 

Du kan lese meir om På saklista i LNK-avisa som kjem i veke 35.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...