Heim Nyhende Høgre-politikar mislikar media–polarisering

Høgre-politikar mislikar media–polarisering

Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner media skapar unødvendig polarisering og konflikt i den politiske debatten med språkbruken sin.

“SV vil lovfeste rett til lærlingeplass. Et elendig forslag, RASER Høyre.” Slik byrjar Høgre-politikaren eit innlegg på bloggen sin.

– Skal det vere politisk kamp, så skal det vere politisk kamp. Dømet over er kanskje overdrive  — la oss kalle det eit mediedramaturgisk grep for å illustrere poenget — men eg har lenge irritert meg over media si opphausing av konflikter gjennom ei diskret snikinnføring av bestemte ord, skriv Røe Isaksen vidare.

– Det er som om media ikkje nøyer seg med at nokre er usamde. Politikarar må “ta eit oppgjer med”, “rase mot” eller “ta avstand frå”. Det gir sjølvsagt meir krut i debatten, men bidrar samstundes til at inntrykket av konflikt blir kunstig høgt, held han fram.

Han viser til eit anna døme i gårsdagens VG.

– Siv Jensen har latt seg lokke ut på glattisen om Arbeiderpartiet og den svært forståelege sympatibølgja partiet har fått etter dei grusomme tragediene, skriv han og siterer avisa:

“Siv Jensen tar nå et oppgjør med sympatibølgen Ap opplever på meningsmålingene.

– Jeg skjønner at veldig mange mennesker umiddelbart etterpå reagerer i affekt og er veldig følelsesladet i forhold til dette. Men jeg tror ingen ting på at det norske folk plutselig har blitt sosialister. Det handler egentlig bare om å få tilbake debatten som vi hadde før, sier Jensen.”.

– Ein ting er at uttalen om at heile Noreg ikkje er blitt sosialistisk, er gjentatt fleire gonger tidlegare, seinast i Dagbladet for to dagar sidan. Men legg merke til språkbruken: Siv Jensen “tar nå et oppgjør med”. Det gir eit inntrykk av at Jensen bevisst har planlagt dette utspelet akkurat nå, og ho trur — og håpar — ikkje bare at sympatibølgja vil leggje seg. Ho “tar et oppgjør” med bølgja. Det blir dermed implisert at Jensen er kritisk til både veljarane og sympatien dei viser, slår Torbjørn Røe Isaksen fast.

– Dette er den same logikken som gjer at uttaler til ein journalist som ringer blir “eit utspel”. Dei kallar det mediedramaturgi. Muleg det. Villeiande og unødig polarisarende er det like fullt, sluttar stortingsrepresentanten innlegget sitt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...