Heim Nyhende Stiller på topp av den einaste ungdomslista i landet

Stiller på topp av den einaste ungdomslista i landet

Steffen Skare (22) er toppkandidaten til Ungdomslista i Utsira kommune. Øykommunen er den einaste kommunen i Noreg som har ei eiga ungdomsliste.

 

12 ungdommar mellom 18 og 22 år stiller til val for ungdomslista på Utsira utanfor Haugesund.

 

– Ungdomslista blei starta på initiativ av ordføraren vår, Jarle Nilsen. Tidlegare har det vore vanleg med ei fellesliste og ei bygdeliste på Utsira, ungdommen har vore representert på desse listene, men har som regel hamna så langt nede på lista at me ikkje har hatt nokon sjanse til å bli valde inn. Ungdomslista blei då starta for å gi dei unge betre sjansar til  å bli valde inn i kommunestyret, seier ordførarkandidaten Steffen Skare til Framtida.no.

– Det er viktig å ha representantar for ungdommane i kommunestyret, vi bur her ute vi også og bør derfor ha eit ord med i laget. Når vi er eit så lite samfunn som vi er her ute bør alle aldersgrupper vera representerte. Det er som Jarle Nilsen sa til meg, »I staden for å gissa på kva ungdommane vil her ute, er det betre å få dei med inn i kommunestyret slik at dei har eit ord med i laget», held 22-åringen fram.

Sjølv er Skare mest opptatt av musikk og kultur.

– Eg er sjømann av yrke, men musikar av hjarte. Elles er eg opptatt av at alle skal vere likestilte, alle skal få den hjelpa dei eventuelt treng og hjelpa skal vere lik for alle. Eg synest òg det er viktig at vi får meir folk ut til Utsira, men for å få det til må det gjerast ting for å få folk til å flytte ut hit, mellom anna må det vere arbeidsplassar, slår han fast.

Kandidatane på Ungdomslista er opptatte av livskvalitet.

– Det er viktig at folk som flyttar ut hit får arbeidsplassar, men det er vel så viktig at dei får ein god livskvalitet her ute, folk skal trivast. Eg trur ikkje at vi unge her ute har meiningar som divergerer noko særleg frå resten av befolkninga, vi er alle opptatte av at Utsira skal bestå, at alle her ute trivst og har gode tilbod og dessutan at vi på sikt får fleire innbyggjarar, meiner Steffen Skare.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...