Heim Nyhende Skardstipendet 2011 til forfattar Mette Karlsvik

Skardstipendet 2011 til forfattar Mette Karlsvik

Mette Karlsvik blei i dag tildelt Skardstipendet 2011, fordi juryen ser på forfattarskapen hennar som original, underhaldande og viktig.

 

Karlsvik fekk prisen under Samlaget sin haustpresentasjon i dag. I grunngjevinga frå juryen står det:

«Mette Karlsvik blei tildelt Tarjei Vesaas» debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005), ei bok som skapte store forventningar til framhaldet av denne forfattarskapen. Ho stod fram med eit poetisk språk, eit blikk på verda og ein stil som alt då var gjennomført og særeigen. Karlsvik har sidan debuten vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. Bøkene Flytårn (2007) og Pol (2008) blei følgd av barneboka 1–2–tre! (2009), og i 2011 kom Post oske, «eit stykke intervjubasert reiseprosa». Med årets roman Bli Björk har Karlsvik skrive nok ein vedunderleg original roman.

Mette Karlsvik tek lesaren inn i ei verd der menneskets samspel med omverda, med samfunnet og naturen det lever i, blir formidla i eit utsøkt biletsterkt språk og med omfattande detaljrikdom. Det er ei forførande rørsle i litteraturen til Mette Karlsvik, skapt både av musikaliteten i språket, den assosiative og detaljrike skrivestilen, og ei stadig panorerande rørsle frå det vesle til det store, frå å vere på innsida av huda til karakterane til å betrakte det heile frå distanse.

Med denne prisen vil vi vise at vi set stor pris på det Karlsvik har skrive så langt, og oppmuntre til å halde fram i same retning: å skrive både originalt, underhaldande og viktig.»

Sigmund Skard-stipendet går til ein forfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen. Stipendet er på 25 000 kroner.

I juryen sat Tom Skovdahl, Finn Totland og Kjersti Instefjord frå Det Norske Samlaget.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...