Heim Nyhende Fleirtalet av dei folkevalde vil slå saman kommunar

Fleirtalet av dei folkevalde vil slå saman kommunar

70 prosent av dei lokalt folkevalde meiner det bør bli færre og større kommunar, kjem det fram i ei måling utført av NoregsBarometer for Kommunal Rapport.

Målinga blei utført i perioden 4. juli til 3. august. Eit representativt utval på 1021 kommunepolitikarar har deltatt i den elektroniske undersøkinga.

I målinga svarar også 40 prosent av dei spurde at dei meiner  Stortinget bør vedta kommunesamanslåingar, sjølv om fleirtalet av innbyggarane er imot det.

I tillegg meiner 53 prosent at deira eigen kommune bør slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane dei næraste åra.

Politikarar i Høgre og Framstegspartiet er dei ivrigaste tilhengarane av kommunesamanslåing. Heile 92 prosent av Høgre-politikarane og 91 prosent av Frp-politikarane sa dei ønskjer færre kommunar.

Dei minst ivrige er politikarane i Senterpartiet, men likevel sa heile 46 prosent av dei spurde politikarane her at dei meiner det bør bli færre kommunar.

Undersøkinga frå NorgesBarometeret viser at ønsket om færre kommunar er stabilt blant lokalpolitikarane. Endringa er bare 13 prosentpoeng frå da dei same spørsmåla blei stilte før stortingsvalet i 2009.

Ønsket om samanslåing er ifølgje Kommunal Rapport mindre i landkommunar enn i bykommunar, men også her vil eit klart fleirtal på 65 prosent ha færre kommunar. 45 prosent av lokalpolitikarane her meiner samanslåing er aktuelt for deira kommune.

Les meir om målinga hos NRK Nordland.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...