Noregs Mållag har i eit brev til Språkrådet bede om at dei skal ta initiativ til kursing i praktisk nynorsk for statstilsette og lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og på høgskule.
Bakgrunnen er den nye nynorsknorma som har blitt lagt fram av Språkrådet.
– Skal vi styrke nynorsken i samfunnet generelt, og leggje eit godt grunnlag for den nye rettskrivinga, er det heilt avgjerande at språkbrukarar i det offentlege får betre kompetanse i nynorsk. Nå når ei ny norm truleg blir innført frå neste år, kan ein rekna med at mange i offentlege stillingar blir mindre villige til å bruke nynorsk, fordi dei er redde for at dei ikkje meistrar målforma, skriv mållaget til Språkrådet.
Noregs Mållag ber styret i Språkrådet å drøfte særskilt om den nye rettskrivinga kan vere eit godt høve til å gi store delar av samfunnet eit kompetanselyft i nynorsk.
– Vårt framlegg er at Språkrådet kan ta initiativ overfor departement og Storting til ei storstilt kursing i praktisk nynorsk for statstilsette og lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og på høgskulenivå, slår dei fast.
– Alt i dag held Språkrådet nynorskkurs for statstilsette, men dette tilbodet måtte i så fall utvidast og intensiverast i eitt til to år. Truleg er det viktig at kurstilboda blir gratis, og at dei ulike etatane blir bedde om å senda flest mogleg på kurs. Dessutan er det viktig at deltakarane får oppfølging, til dømes tilbakemelding på innlevert arbeid, held mållaget fram.
Dei ønskjer at LNK også skal bli involverte i kursingsarbeidet.
– Gjennom å gi midlar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er det òg muleg å nå ut til kommunalt tilsette, sidan LNK alt i dag held nynorskkurs for medlemmene sine.