Heim Nyhende Klart for "Få meg på"

Klart for “Få meg på”

Fem frå Bergens Tidende, tre frå VG: Terningane er kasta for “Få meg på, for faen”. I dag er det premiere for publikum.

Filmen Få meg på, for faen er basert på boka til Olaug Nilssen frå 2005, og den vart laga på Sand i Ryfylke i fjor. Filmen handlar om Alma på 15 år som går på ungdomsskulen og drøymer om å kome seg ut av bygda. Dessutan er ho alltid kåt, så kåt at ho somme gonger lurer på om ho er sjuk.

I går var det pressevising av filmen og den får gode omtalar. Filmpolitiet i P3 seier filmen er “søt, sjarmerende og burde kunne snakke til mange unge jenter og gutter” og gir den ternigkast fire. Ein femmer blir det frå Bergens Tidende som seier Få meg på, for faen er ei “vellukka skildring av gryande seksualitet i fjordlandskapet”. VG trillar terningen til ein trear og seier filmen er ei “temmeleg vinglete, lenge uklar, men definitivt sjarmerende historie”.

Filmen var representert på Tribeca filmfestival i New York tidlegare i år. Då fekk regissør Jannike Syrstad pris for beste manus.

I 2007 vart boka dramatisert på Det Norske Teatret.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...