Heim Nyhende Ny bok frå komande forlagsdirektør

Ny bok frå komande forlagsdirektør

Edmund Austigard kjem i desse dagar ut med sin nye roman «Solskinsbussen», som tar oss med til Ryfylkeheiane der ein heimvendt gardsgut blir slept ned i fallskjem for å redde bygda frå tyskarane.

Edmund Austigard debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane og følgde opp med «Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu» i 2008. Ved sidan av å skrive bøker arbeider Austigard i dag som direktør for Den Norske Bokdatabasen.  Han startar i løpet av vinteren som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke og bur i Oslo.

1944. Det er krig. Løytnant Bønarflott og laget hans blir flydd over Nordsjøen av RAF. Etter 17 år i Chicago svevar han mot gamlelandet i fallskjerm. Landinga blir mjuk, han borar seg ned i svartjordmyr. Blir ståande fast som levande blink langt oppe i ryfylkeheiane. Hans einaste håp er at pøsregnet gjer jordmyra så laus at ho slepp taket. Samtidig spør han seg sjølv kva som verkeleg er verdt å daude for? Konge, fedreland, ei fri verd, ære? Eller er det berre kjærleik?

«Solskinsbussen» gir eit nytt og lettare humoristisk blikk på heimefront og livet på heia. Det luktar høgfjell, krut, sveitte, og svidd gummi, spedd ut med kjærleik og ei demrande forståing av kva det vil seie å ta ansvar. Løytnant Bønarflott leitar seg seg fram mot ei grunngiving for å krige, fins det nokon grunn for å drepe, for å døy? Er det muleg å vere humanist i krig? Boka kjem også inn på korleis det kjennest å stå fast (til livet) i svartjordmyr når ein eigentleg er ute på oppdrag for å fri landet frå okkupasjonen.

«Solskinsbussen» er ein frittståande oppfølgjar til Edmund Austigards kritikarroste debutroman, «Krinsereglane», som ga ei inngåande skildring av Bønarflott-familien frå Årdal i Ryfylke.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...