Heim Nyhende Framtida.no har fylt eitt år

Framtida.no har fylt eitt år

Over 140.000 har vore innom nyhende- og debattavisa for unge sidan starten 1. september i fjor.

Sidan starten har over 140.000 unike brukarar vore innom den nynorske nettstaden. Framtida.no har opplevd vekst sidan starten, og har dei siste vekene hatt rundt 10.000 unike brukarar i veka.

Framtida.no har satsa tungt på å dekkje lokalvalet, og har opplevd stor interesse frå lesarane. «Valgomaten» til Framtida, som er den første i Noreg på nynorsk, blei brukt over 20.000 gongar.

– Det er kjekt at fleire av sakene våre har spreidd seg i sosiale media, og me ser òg at sakene våre har skapt overskrifter i andre media. Det viser at me klarar å nå gjennom med journalistikken vår, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no, til avisa Hordaland.

Etter å ha fått støtte frå Vinjefondet ved nyttår, tilsette Framtida.no to reisande journalistar i deltidsstillingar i vår for å setje søkjelys på kva ungdom er opptatt av før valet.

I juli byrja Framtida.no å abonnere på nyhende frå Nynorsk pressekontor. I tillegg til eigne saker har Framtida.no avtale med 11 lokalaviser, Dag og Tid, Magasinett, LNK.no og studentavisene i Oslo, Bergen og Trondheim .

Nettavisa Framtida.no vart til gjennom eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landslaget for lokalaviser og Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Kulturdepartementet, Mot til å meina, Magasinett og Pirion støttar òg prosjektet.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...