Heim Nyhende Sjølvforsynt med vikarar

Sjølvforsynt med vikarar

Voss kommune har eige vikarbyrå som løyser utfordringane med vikarar innan helse og omsorg.

– Det fungerer bra og lettar trykket på avdelingsleiarane ved sjukdom eller andre situasjonar der ein elles berre må byrje å ringe rundt for å finne folk, seier leiar for vikartenesta, Eldbjørg Lie Jørgensen.

Slepp mas

I staden for at kvar einskild leiar må ta hand om vikarbehovet i si avdeling ved å ringe fast tilsette og tilkallingsvikarar, kan dei no berre ringe Vikarkontoret, som tek seg av saka. Imens går leiaren tilbake til avdelinga si og held fram med jobben sin.

Slik har det vore sidan kontoret vart oppretta i 2007, og vikarleiaren meiner det har vore ei god løysing for kommunen, men òg for den einskilde vikaren. Vikarane har fått ein meir føreseieleg arbeidskvardag, og dei slepp å bli maste på. No er det ein telefon frå Vikarkontoret som gjeld.

Faste og ambulerande

Vikarkontoret har ein eigen vikarpool med hjelpepleiarar og sjukepleiarar, samtidig som dei formidlar vikarar som berre er inne for ein avgrensa periode. I vikarpoolen er vikarane tilsette i fast stilling, med fast turnus og ein gitt stillingsprosent, men dei jobbar på tvers av avdelingane i kommunen. Dei andre vikarane er til dømes studentar eller kommunalt tilsette som vil arbeide litt meir enn den faste stillinga dei har.

– Det er den einskilde avdelinga som har det faglege ansvaret for vikarane, seier Eldbjørg Lie Jørgensen. – Og vi har stort fokus på fagutdanning og god opplæring av dei tilsette.

Sterk leiarkontakt

Vikarkontoret har ansvaret for fordeling av ressursar og for å følgje opp rutinar med den einskilde leiaren, slik at ein kan avdekke kva behov dei ulike avdelingane har til ei kvar tid. Det er svært viktig å ha god kontakt med leiarane i avdelingane for å få ei slik løysing til å fungere godt, seier Lie Jørgensen.

Arbeidet som er gjort med Vikarkontoret, må dessutan sjåast i samanheng med kommunen si satsing på desentralisert utdanning, opplæring av vikarar og fokus på lærlingplassar, seier ho.

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik (Ap) er svært nøgd med Vikarkontoret. Kontoret vart oppretta reint administrativt, og har aldri vore gjenstand for noka politisk handsaming. Men Lunde Aarvik seier det er ei god og praktisk løysing for helse- og omsorgstenesta. – Det har gjort livet mykje lettare for folk i vår kommune, seier ordføraren.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...