Heim Nyhende Vassendgutane-suksess brødfør 11 mann

Vassendgutane-suksess brødfør 11 mann

Vassendgutane, som nær alle kjem frå Åmdal i Ørsta kommune, blei folkeeige då dei gav ut plata Ungkar med dobbelseng i 2005. Ho selde til platina, det vil seie 60 000 eksemplar.

– Vi hadde vel aldri trudd at vi skulle kunne leve av musikken og Vassendgutane då vi starta opp i 1996, men i dag gjev bandet ei grei årsinntekt til 11 mann. Vi føler oss privilegerte som kan leve av og ha ei skikkeleg inntekt av noko som bare er tull og tøys, fortel bassist Sindre Aam.

– Då vi starta opp, var tanken berre at vi skulle ha det artig, og det har vi jo endå, ler bassisten.

Sidan Ungkar med dobbelseng-salssuksessen har dei gjeve ut fleire album. XO i 2008 selde til dobbel platina. Nå i vår gav dei ut si siste plate, Riskrem og entrekått, som foreløpig har selt rundt 33 000, kan Aam fortelje.

Det er ingenting som har kome gratis for bandet.

– Vi er ute på mellom 80 og 100 spelejobbar i året, så vi ofrar nesten alle helgane på bandet, seier bassisten.

Aam peikar på at det har teke tid før Vassendgutane blei noko dei kunne leve av.

– Det har ikkje skjedd over natta. Det er 15 år sidan vi hadde våre første spelejobbar på lokale ungdomshus. Dei første 10 åra tok vi ikkje ut ei krone frå inntektene til oss sjølve. Vi putta alt inn i bandet og kjøpte oss skikkeleg utstyr og var nøkterne. Det har vi igjen for nå, slår Aam fast.

Språkvalet er ikkje tilfeldig.

– For oss har det ikkje vore noko anna alternativ enn å synge på nynorsk. Det er det språket folk forstår, og når vi skulle synge om ting som skjedde rundt oss, så blei det mest naturleg med nynorsk, seier Aam på syngande Møre-dialekt.

Vassendgutane reiser på spelejobbar i heile landet, oftast reiser dei med buss.

– Vi bur jo midt i landet, og det er jo ein fordel når vi skal ut og reise. Det er 90 mil til Bodø og 90 mil til Kristiansand. Vi brukar rundt 15 timar i bandbussen til Bodø eller Kristiansand og det går heilt greitt. Skal vi lenger nord enn Bodø, då fyk vi, seier Sindre Aam leande.

Musikken til Vassendgutane er, ifølgje Wikipedia, ein folkeleg country med eigne tekstar og melodiar, og tema i mange av tekstane er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv.

Heile bandet utanom ein, ein steelgitarist frå Ålesund, kjem frå Åmdal, ein sidedal rundt fem kilometer utanfor Ørsta sentrum. Bandet består av nemnde Sindre Aam på vokal og bass, Arthur Johan Bjørdal, vokal og gitar, Ernst Brune, trekkspel, Rune Brautaset, vokal og gitar, Lars Egil Vågseter, steelgitar, Leif Aase, vokal og elgitar og Bjørn Marius Øyehaug på vokal og trommer.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...