Ei av sakene som skal diskuterast i Nynorsk Forum neste onsdag 19. oktober er Språkåret 2013. Den endelege prosjektplanen skal leggjast fram for styret i Nynorsk Forum innan 15. januar neste år.
Regjeringa løyver som kjent 2,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum til førebuing av Språkåret 2013 og planlegging av Olav H Hauge-senteret i Ulvik. Korleis fordelinga blir mellom dei to prosjekta er ikkje klart ennå.
– Løyvinga avklarar at det blir eit språkår i 2013, og at arbeidet kan halde fram i 2012. Det gir også arbeidet i styringsgruppa eit trygt grunnlag og tyder på vilje i regjeringa til å satse meir på Språkåret – berre vi gjer jobben vår godt, står det i saksframlegget til Nynorsk Forum sitt styremøte, som prosjektleiar for Språkåret 201, Jens Kihl, har skrive.
Kihl har jobba med prosjektet sidan juni. Prosjektleiaren er sekretær for styringsgruppa som består av:
Leiar Grete Riise (64), Bergen (Sunnmøre), seniorrådgivar Fylkesmannen i Hordaland
Bodil Aurstad (40), København (Trøndelag), språkkoordinator i Nordisk ministerråd
Ola E. Bø (63), Oslo (Ryfylke), dramaturg Det Norske Teatret
Torbjørn Røe Isaksen (33), Oslo (Porsgrunn), stortingsrepresentant
Camara Joof (22), Oslo (Gambia), musikar
Aili Keskitalo (43), Kautokeino, leiar Norske Samers Riksforbund og sametingsrepresentant
Janne-Kristin Svarstad Nygård (22), Oslo (Sunnfjord), leiar Norsk Målungdom
Vigdis Moe Skarstein (65), Oslo (Helgeland), nasjonalbibliotekar Nasjonalbiblioteket
Arnfinn Muruvik Vonen (50), Oslo (Trøndelag), språkdirektør
Det er allereie kome inn forslag til over 200 aktuelle samarbeidspartnarar for Språkåret 2013.
– Så langt er mellom anna desse kontakta: Allkunne, Bibelselskapet, Blåmann barnebokklubb, Den norske UNESCO-kommisjonen, Diktardagane 2013 (Lom), Hordaland Teater, Kringkastingsringen, Litteraturhuset i Bergen, Litteraturnettverket, Norsk forfattersentrum, Norsk litteraturfestival, Norsk Målungdom, Norsk ordbok 2014, NRK Nynorsk mediesenter, Opera Nordfjord, Posten Norge, Selja forlag, Skald forlag og Sogn og Fjordane teater, skriv prosjektleiaren i saksframlegget.
Sjølv om styringsgruppa ikkje har hatt sitt første møte ennå, kan Kihl skissere nokre av dei større prosjekta Språkåret 2013 skal bestå av. Ulike bok- og formidlingsprosjekt, applikasjonar til smarttelefonar, bruk av sosiale medium, vandreutstillingar til skular, kulturhus og bibliotek, verdskonferanse om språk, pedagogiske opplegg til skulen, ulike nasjonale konferansar, samarbeid med dei andre jubilantane om lokale debattmøte om språk, demokrati og mangfald og leselystprosjekt blir nemnde i saksframlegget.
For 2012 har Nynorsk kultursentrum søkt om 2,4 millionar kroner til vidare planlegging av Språkåret 2013. For 2012 har eit samrøystes Nynorsk Forum også rådd til at regjeringa løyver 4 millionar kroner til dei første større prosjekta i Språkrådet 2013.