Heim Nyhende Over halve folket har Høgre-ordførar

Over halve folket har Høgre-ordførar

53 prosent av folket bur i ein kommune der Høgre har ordføraren. Arbeidarpartiet har mista sin i minst 20 kommunar, medan vesle Sp har 87 ordførarar – berre to færre enn sist.

Snart ein månad etter kommunevalet blir det framleis forhandla i 13 kommunar. Likevel er det alt klart at Høgre har fått 118 ordførarar, 38 fleire enn ved sist val. Ap får derimot langt færre enn dei hadde, trass i eit betre val enn på lenge. Til no har partiet 152 ordførarar, mot 181 etter førre kommuneval.

Partisekretær Raymond Johansen i Ap seier til NRK at partiet kanskje ikkje har vore gode nok til å forhandle etter valet.

– For det første har SV gjort eit dårleg val. Der vi har samarbeidd med dei, har vi tapt fleirtalet. Enkelte stader har dei andre partia funne saman og gått imot oss, seier Johansen. Han peikar likevel på at Arbeidarpartiet har flest ordførarar, og at dei er det største partiet i landet.

Ifølgje oppteljinga til NRK har KrF førebels 20 ordførarar, Frp 11, Venstre 9, SV 2 og lokale lister har 17. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...