Måndag var leiaren av Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, i møte med leiinga i Strand kommune i Rogaland for å diskutere nynorsk-bruken til Ryfylke-kommunen.
– Vi opplevde det slik at Strand vil jobbe med å få meir nynorsk i kommunen, seier Strand Mållag sin leiar, Knut Falk, til lokalavisa Strandbuen.
Han har undersøkt og funne ut at 90 prosent av Strand kommune sine offentlege sakspapir, annonsar og liknande er på bokmål. Resterande 10 prosent er på nynorsk.
– Talet på elevar som brukar nynorsk i skulen i Strand aukar, ikkje minst på Jørpeland. Det er eit godt utgangspunkt for å setje søkjelys på kommunen sin bruk av nynorsk, seier Falk, som opplevde at dei blei tatt på alvor av leiinga i kommunen.
– Vi har ikkje ein regel om å bruke ein viss prosent nynorsk, saksbehandlarane styrer dette sjølve. Men det er fint om vi kan bruke meir nynorsk, seier rådmann Jon Ola Syrstad, som meiner mållaget si problemstilling er aktuell i Strand.
Han utelukkar ikkje at det kan bli meir bruk av nynorsk i det offentlege. Rådmannen vil gjerne stimulere dei tilsette i kommunen til å bruke meir nynorsk, og at det blir meir balanse mellom målformene.
Strand-ordførar Helge Steinsvåg meiner møtet med mållaget var ein vekkar, og at kommunen nok søv litt i timen.
– Vi trong på mange måtar litt den påminninga som mållaget kom med. Det skal lite til for å få ein betre balanse mellom dei to målformene, seier han.