I fjor hadde Nynorske Litteraturdagar i Sogn ein liten nedgang i besøkstalet. I år har salet av billettar auka igjen.
Til helga skal dei sjette nynorske litteraturdagane gå av stabelen på Fretheim hotell i Flåm. I år kan du mellom anna oppleve barnebokforfattar Maria Parr, språkguru Sylfest Lomheim, forfattarane Frode Grytten og Ragnar Hovland, Ola Bremnes, Sigrid Moldestad og Olav Stedje. Les kva lnk.no tidlegare har skrive om den nynorske festivalen.
Prosjektleiar Arve Tokvam gler seg, slik han gjer kvart år.
– I år har eg fått tilbakemeldingar på at programmet er svært godt og har stor spennvidd. Det merkar me på kva type billettar folk kjøper. I år vil folk vere her over fleire dagar. Dei kjøper ikkje berre enkeltbillettar, seier Tokvam til Nynorsk Pressekontor.
Han fortel at dei kjenner seg heldige med artist- og forfattarlista på årets festival.
– Me har vore heldige med namna. Høgdepunkta er kanskje barnebokforfattar Maria Parr, Spindel DUO med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken. Av andre kan eg nemne Erling Lægreid, held han fram.
– Me har fått eit nettverk. Artistane og forfattarane kjenner oss og snakkar godt om oss til andre.
Men han ventar ikkje at billettsalet nokon gong skal ta heilt av.
– Me er ein smal festival. Me hadde ei positiv utvikling i 3– 4 år, men så kom det ein nedgang i fjor. Men i år har salet av billettar auka igjen, og me sel bra.
Les meir om Nynorske Litteraturdagar i LNK-avisa. (NPK/lnk.no)