Heim Nyhende Tok passasjerane på ordet

Tok passasjerane på ordet

Fjord1 har for tida eit prøveprosjekt med ny ferjemat på gong på to av ferjene sine. Menyen og konseptet har blitt til i samarbeid med ferjepassasjerane.

Bloggar og TV Vest-journalist Veronica Simoné Fjeld blogga om kor dårleg ho syntest maten var på ferja ho tok mellom Halhjem og Sandvikvåg. Så sende ho ein e-post til konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, der ho peika på manglande kvalitet på ferjematen. Då fekk Fjord1 fart på sakene.

Dei sette i gong ei brukarundersøking blant dei reisande og oppretta ei referansegruppe, der mellom anna Fjeld blei invitert med.

Resultatet av brukarundersøkinga blant ferjepassasjerane viste at dei ønskte meir sunn mat og mat som var enkel å ta med seg i bilen. Nå i sommar blei konseptet Ferdamat innført som eit prøveprosjekt på dei to Fjord1-ferjene «MF Fanafjord» i Halhjem-Sandvikvåg-sambandet i Hordaland og «MF Fannefjord» i Molde-Vestnes-sambandet i Møre og Romsdal.

– Vi har ikkje evaluert prosjektet endå, men vi har prøvd å leggje best mogeleg til rette i høve til dei svara vi fekk i marknadsundersøkinga. Vi har forenkla menyen, samstundes som vi har lagt meir til rette med heile menyar. Vi lyttar til det store fleirtalet, men er klare over at det ikkje er alle som er nøgde, seier cateringssjef i Fjord1 MRF, Arild Reistadbakk, til LNK-avisa.

Han fortel at tanken til Fjord1 var å auke omsetnaden i kioskane.

– Vi har fått stort sett positive tilbakemeldingar på prosjektet, men vi er ikkje ferdige ennå. Vi har meir å gå på, men i høve til undersøkinga er vi på rett veg, seier cateringsjefen.

Saknar større forandringar

Bloggar og TV Vest-journalist Veronica Simoné Fjeld blei glad og overraska då ho fekk vere med i referansegruppa. Ho er likevel litt skuffa over resultatet av omlegginga av ferjematen.

– Då eg til slutt trefte på rett ferje her i sommar, såg eg ikkje dei store endringane i kiosken, anna enn at dei hadde fått opp eit skilt og nokre automatar rundt omkring. Eg veit ikkje om eg kom på ein dårleg dag, men eg blei litt skuffa, slår Veronica Simoné Fjeld fast. Ho pendlar ikkje lenger frå Os til Stavanger, men har flytta tilbake til heimbyen Stavanger. Derfor har ho ikkje fått prøvd den nye maten så mykje.

Rune Rokstad var med i referansegruppa saman med Veronica Simoné Fjeld. Han driv eige firma i Sykkylven i Møre og Romsdal og reiser med ferje tre til seks gonger om dagen. Han har endå ikkje fått prøvd ut det nye matprosjektet på «MF Fannefjord».

– Eg reiser så mykje på ferje at eg er veldig oppteken av kva dei sel i kioskane. Det var viktig å få eit større mangfald i diskane, litt meir vanleg mat og litt mindre einingar. I tillegg synest eg det burde vere mogeleg å få til ei ordning for dei som reiser mykje med ferjer, til dømes når det gjeld kaffiprisen. Eg bruker fort over 100 kroner dagen berre på kaffi på ferjene, seier Rokstad.

Han synest heller ikkje Fjord1 er gode nok på å marknadsføre det dei sel i kioskane.

– Gjennomsnittleg sit kanskje rundt 70 til 80 prosent i bilane under ferjeturen, og då må det vere synleg på dekk kva dei sel i kiosken, for å lokke kundane inn. Eg trur at med ei betre marknadsføring kunne dei ha dobla omsetnaden i ferjekioskane, slår Rokstad fast.

Etter planen skal konseptet Ferdamat bli ein del av kioskmaten i alle sambanda til Fjord1 i løpet av hausten.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...