Heim Nyhende Satsar stort på barnehagar

Satsar stort på barnehagar

Noregs Mållag har hatt barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor» gåande sidan i fjor vår. Nå i desse vekene er det kampanjeveker og travle dagar for tilsette og tillitsvalde i mållaget.

Mållagsleiar Håvard B. Øvregård har hatt to intense dagar. Tysdag var han på besøk i tre barnehagar, i går var han innom fire barnehagar. Han hadde også møte med fleire lokallag i Hordaland i løpet av desse to dagane. Det er nemleg kampanjeveker for «Gjennom ord blir verda stor» den siste veka i oktober og den første i november.

– Eg blir tatt veldig godt imot i barnehagane. Eg opplever at dei tilsette er opptatte av og flinke på språklæring og språkstimulering, men at dei ikkje har blitt gjort medvitne på nynorsk-bokmål-tematikken. Dei tilsette er glade for at vi gjer dei merksame på dette, seier Øvregård til lnk.no.

– Vi er nemleg opptatte av at nynorske bøker skal lesast på nynorsk og at barna også skal lære seg songar og regler på nynorsk, held han fram.

Han hugsar spesielt godt eit besøk i ein barnehage på Sørvestlandet. Der talde han saman med ungane på forskjellige språk, på norsk, engelsk, tysk og så bortetter. Då var det ei av jentene i barnehagen som kunne lære dei andre barnehagebarna å telje på litauisk.

– Etterpå kom styraren i barnehagen bort til meg og fortalde at det var første gong jenta hadde snakka på litauisk foran dei andre barna. Det viser verdien av å kunne eit anna språk. Det hender også at det er tilsette som kjem frå andre land, som kan hjelpe til og lære barna å telje på sitt språk.  Det er tydeleg at dette gjer dei glede, og det er jo det det handlar om. Språkglede og verdsetjing av språk, slår mållagsleiaren fast.

Noregs Mållag vil at barn i Noreg skal møte både nynorsk og bokmål så tidleg som muleg. Dei starta derfor opp kampanjen «Gjennom ord blir verda stor» våren 2010.

– Det største hinderet for språklæring er manglande glede. Hadde ikkje ungane kjent slik glede i å lære språk, hadde dei heller ikkje lært så mykje og så raskt. Vi veit at evna til å lære språk går ned med alderen, derfor er det viktig for mållaget å byrje språkarbeidet tidleg, seier Øvregård.

I løpet av tida sidan oppstarten av barnehagekampanjen har tilsette og tillitsvalde i mållaget og representantar frå lokallag vore innom godt over 100 barnehagar. Kampanjen skal vere ferdig til landsmøtet i Oslo i april.

– Kampanjen skal oppsummerast til landsmøtet, men mållaget sitt arbeid i barnehagane kjem til å vere like viktig etter landsmøtet, peikar mållagsleiaren på.

Norges Mållag har fleire målgrupper i kampanjen. Dei ønskjer å nå barna, foreldra, tilsette i barnehagen og administrasjon og folkevalde i kommunen. Mållaget har laga forskjellig materiell som barnehagane kan nytte seg av til kampanjen. Materiellet er gratis for barnehagane.

Tanken bak barnehagekampanjen til mållaget er at det er fylkeslaga og lokallaga som skal gjere mestedelen av jobben, kan informasjonskonsulent i Noregs Mållag, Hege Lothe, fortelje. Mållaget har også tidlegare hatt barnehagekampanjar, sist i byrjinga av 2000-talet med kampanjen «Den første song eg høyra fekk var Hit me baby one more time».

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...