I ettermiddag skal Blåmann Barnebokklubb feire 10-årsdagen sin i Stord kulturhus under Falturiltufestivalen.
«Blåmann Barnebokklubb har i 10 år formidla gode barnebøker på nynorsk og vore ei motiverande kraft for nye generasjonar av nynorskbrukarar», står det i ei pressemelding.
Dei første åra var Blåmann Barnebokklubb eigd av Det Norske Samlaget, før Bokdykk tok over i desember 2009. Bokdykk og Blåmann Barnebokklubb held i dag til i Florø.
Blåmann satsar på ein ujålete profil, kor formidling av kvalitet står i fokus. Bursdagsfesten blir på Stord kultuhus under Falturiltufestivalen, i ettermiddag klokka fem. Her blir Blåmann feira med musikk, teikneverkstad og kake. Heavykatten og Henrik And kjem mellom anna.
– Av og til møter eg folk som leitar og leitar etter nynorske barnebøker; for dei er så vanskelege å finne, seier dei. Då kan eg heldigvis fortelje om Blåmann. Tenk så bra at det finst ein liten bokklubb der alle dei gode nynorske barnebøkene er samla på ein stad. Det er bra, det, seier barnebokforfattar Maria Parr om Blåmann.