Heim Nyhende Viktig å ha ein plan

Viktig å ha ein plan

Det er like viktig å ha gode skriftlege rutinar for traumatiske hendingar som skjer sjeldan, som for ting som skjer ofte.

Dette fordi traumatiske hendingar som sjeldan oppstår, er nett det ein har minst rutine på.

Det er tilrådinga frå Kriser.no, ein nettstad som Senter for Krisepsykologi i Bergen står bak. Nettstaden har som målsetting å gje kommunane råd og nyttig kunnskap når dei skal utarbeide og praktisere kriseplanar.

Kriser.no peiker på at kommunale rutinar ofte sviktar fordi rutinane er for lite spesifikke, at ein følgjer opp i akuttfasen, men ikkje langsiktig, at rutinar manglar perspektiv på barn og familiesituasjonar, at roller ikkje er avklarte, eller at rutinar ikkje er nedfelte i planane til dei ulike verksemdområda.

Alle kommunar bør derfor ha ein plan for organisering av psykososial beredskap, og ha naudsynt kompetanse som kan følgje opp planane.

Kommunane bør også ha eit kriseteam. Dette vil vere ei ressursgruppe som både skal ta vare på dei som er involverte i krisa, men også vere til stades for innsatspersonell hjå politi, legevakt og sjukehus, heiter det på nettstaden.

Omsorgsprosjektet, eit prosjekt utført ved Senter for Krisepsykologi frå 1997 til 2000, viser at kommunar som har eit kriseteam, også har eit breiare oppfølgingstilbod, fleire involverte yrkesgrupper, raskare etablering av kontakt, eit generelt betre tilbod til barn og meir nøgde brukarar.

Ein kommune som har eit kriseteam, vil ikkje vere så sårbar som dersom alt ansvaret kviler på ein person, seier Kriser.no. Samstundes bør spesielt små kommunar ha ein koordinator som kan ha kontakt med hjelpeapparatet elles.

Les også:

Med pressa i rådhuset

Avklart rolle

Når krisa rår


 

Førre artikkelSkrivekonkurranse for ungdom
Neste artikkelNår krisa rår

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...