Heim Nyhende Når krisa rår

Når krisa rår

Då skota fall på Utøya, var heile landet i feriemodus. Slik var det også i Osterøy kommune, som hadde tre lokale ungdommar på øya.

– Trass i at mange av oss var på ferie, greidde vi å mobilisere og få kriseapparatet på plass på laurdag, seier rådmann i Osterøy, Odd Ivar Øvergård.

Han og ordførar Kari Aakre (Ap) var i tett kontakt med kvarandre, med partikontoret til Arbeidarpartiet i Bergen og med dei pårørande heile det første døgnet. Det trengde dei, i ein liten kommune som fekk svi så hardt.

Ordføraren minnest det slik:

– Då eg fekk den første tekstmeldinga frå Ap lokalt, så visste eg ikkje kva eg skulle tru. Ho melde om skyting på Utøya. Eg var på ferie i Charlottenberg, klokka var nesten seks på ettermiddagen, og eg hadde ikkje fått med meg noko av det som hadde skjedd i Oslo.

Kom til rette

Aakre byrja å nøste. Ho sende tekstmeldingar til dei tre ungdommane som var på Utøya, men fekk ikkje nokon respons derfrå. Sidan ho kjenner somme av dei pårørande privat, sende ho også tekstmeldingar til slektningar av dei tre.

– Vi visste eigentleg ikkje så mykje meir før eitt av foreldrepara tok kontakt ca. 20.30 for å fortelje at sonen deira var komen til rette, og at han hadde kome frå det med livet i behald, fortel Aakre.

Alvoret sette inn

Først i halv elleve-tida om kvelden fekk ho førespurnad frå Arbeidarpartiet sitt kontor i Bergen, som ville ha namn på pårørande til dei andre to. Då vart det alvor. Då kontakta ho rådmannen for å diskutere: Kva skal kommunen gjere no?

På det tidspunktet var det allereie oppretta møteplass for pårørande på Sundvolden i Buskerud, og kommunen visste at dei pårørande truleg ville vende seg der. Men dei av familie, vener og naboar som var att, ville ha behov for oppfølging, trøyst og informasjon. Dei måtte også rekne med påtrykk frå media når det vart kjent at ungdommar frå Osterøy hadde vore på Utøya.

Gjekk ut med namn

Tidleg laurdag samla den kommunale kriseleiinga seg. Ordføraren var framleis på Austlandet, men ville vende heim i løpet av dagen. Rådmannen og sektorleiarane gjekk gjennom rutinar og fordelte oppgåver. Somme frå beredskapsteamet var framleis på ferie, men kom raskt til plassen. På dette tidspunktet hadde ikkje kommunen motteke nokon informasjon frå sentrale styresmakter. Status for Osterøy kommune var at ein ungdom var komen til rette og henta heim, medan to framleis var sakna.

– Alle her visste kven desse to var, seier rådmann Øvergård. Osterøy er ein liten kommune, og via tekstmeldingar og sosiale medium spreier ting seg fort. Klokka 12 på laurdag valde derfor kommunen å leggje ut ei melding på heimsida si, kor dei slo fast at Tore Eikeland (21) og Tarald Mjelde (18) framleis var sakna. På førehand hadde ordføraren snakka med dei pårørande, som kunne stadfeste at desse to hadde status som sakna.

– No blei det eit veldig mediekjør, seier ordførar Aakre. – Det verka som om nokon, på eit nivå over oss, hadde bestemt at ingen namn skulle offentleggjerast.

Ho skjønar at det kunne verke spesielt at Osterøy likevel valde å offentleggjere namna, men kommunen meiner at det var det rette å gjere. Betre å få opp i dagen det alle veit, få det slått fast, seier ho og viser til at dei heile vegen hadde tett kontakt med dei pårørande.

Ope hus

På laurdag var det behovet for informasjon som fekk stå i høgsetet, fortel rådmann Øvergård. Ut på ettermiddagen var det ope hus i kommunesenteret kor tv og Internett var tilgjengelege for dei som kom. I tillegg var det mogeleg å få snakke med folk frå psykiatrien. No var kriseteamet etablert og verksamt.

– Vi rekna med at det først og fremst var ungdommar som hadde behov for å samle seg hjå oss, men det kom faktisk folk i alle aldrar, fortel sektorleiar for helse og omsorg, Mette Fauskanger. No brukte kommunen også Facebook-sida til Kafé Armkroken som kanal for å kommunisere med ungdommane. Alt som kommunen la ut på sine eigne heimesider, vart også lagt ut der. Men kommunen blanda seg ikkje inn i meiningsutvekslinga som føregjekk på Facebook.

Stadfestinga

Seint laurdag kveld fekk ordføraren beskjed om at Tore Eikeland var omkomen. Det var foreldra som informerte om dette, trass i at Kripos ikkje ville stadfeste dette enno. Det skulle gå nesten ei veke før alle dei omkomne sine namn vart offentleggjorde frå statleg hald.

– Men Jens Stoltenberg sjølv snakka om Tore Eikeland i tv-gudstenesta på søndag. Meir offisielt kunne det ikkje bli, seier Kari Aakre.

Ho var no komen tilbake til Osterøy, etter å ha sete på flyplassen i Oslo i timevis og venta på at det skulle bli ledig plass på fly til Bergen.

Trøyst

Søndag vart dagen då trøyst, ikkje informasjon, var det viktige. Innbyggjarane visste kva som hadde skjedd, dei pårørande hadde fått stadfesta det dei frykta mest av alt, og det eine foreldreparet var komne tilbake til kommunen. Det andre paret var framleis på Sundvolden. Det var framleis ope hus i kommunen, men denne dagen var radio og tv tona ned. – Informasjonsbehovet var dekt, no trengde vi ikkje vite meir, seier Fauskanger.

Foreldra som kom heim utan sonen sin, ønskte å bli møtt av kommunen på flyplassen og få følgje heim. Kommunen mobiliserte saman med Avinor og greidde å få foreldra ut av flyet og gjennom Flesland via bakvegar, slik at dei slapp å treffe det store pressekorpset som no var på flyplassen.

– Vi visste at dei som framleis var på Sundvollen, vart tekne vare på der. Her heime hadde vi no ein person som hadde som einaste oppgåve å vere der for dei pårørande som nett var komne heim.

Frivillige

I tida som følgde, var det praktiske oppgåver som stod i fokus. Det var framleis informasjon som skulle delast, og til dette brukte kommunen først og fremst si eiga nettside.

– Vi hadde dessutan gode kontaktpunkt inn mot innbyggjarane, og mange tilbaud seg å vere med og jobbe frivillig desse første dagane. Det var godt å ha med trygge vaksne med etablerte roller i ein fase som var så utrygg, forklarar Fauskanger.

Den viktigaste faktoren for at kommunen skulle lukkast med krisearbeidet sitt, var fokus på einskildpersonane, meiner dei tre. Kommunen og hjelpeapparatet måtte dessutan vere fleksible, og det måtte vere klare linjer internt i arbeidet som beredskapstropp og kriseteam skulle utføre. – Det gjer òg mykje ein slik gong at vi lever i eit kompakt miljø som har stor evne til å samle seg rundt felles sak.

Heldt det lokalt

Dei første dagane etter Utøya jobba kommunen stort sett på eiga hand. Nokon sentral informasjon frå styresmaktene fekk dei ikkje, men dei sakna det ikkje heller. – Vi trengde å vere lokale, og alt vi trengde av folk og ressursar, hadde vi her. Vi visste tidleg kva stoda var for kommunen vår, og då var det viktigast for oss å vende oss innover, seier rådmann Øvergård.

– Men vi utveksla informasjon med politiet og partikontoret i Hordaland, seier Kari Aakre.

Viss dei skal oppsummere essensen i arbeidet kommunen bør gjere i ein krisesituasjon, så er det å dele informasjon.

– Folk skal ikkje gå og kjenne på at kommunen veit noko dei ikkje vil ut med. All informasjon som kan delast, skal delast, seier rådmann Øvergård.

Les også:

Med pressa i rådhuset

Avklart rolle

Viktig å ha ein plan

Førre artikkelViktig å ha ein plan
Neste artikkelAvklart rolle

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...