Heim Nyhende Erling Lægreid er død

Erling Lægreid er død

Erling Lægreid døydde brått og uventa fredag morgon. NRK-journalisten og nynorskmannen blei 72 år gammal.

Lægreid blei fødd 5. september 1939, og vaks opp på Årsdalstangen i Sogn og Fjordane. Han jobba mellom anna i Barne- og ungdomsavdelinga og var programleiar i Ungdommens radioavis, Flimra og Søndagsavisa. Han var med på å etablere radioprogramma Ekko og Dagsnytt 18.

Lægreid var i NRK frå 1970 til han gjekk av med pensjon i 2009. Dei siste åra hadde han ei fast spalte i Dag og Tid der han skreiv om menneske han hadde møtt. Nokre av desse tekstane vart samla i boka Nærgåande skisser som kom ut på Samlaget i år.

– Han køyrde sitt eige løp og ga blaffen i om folk likte det eller ikkje. Han var ein vestlending av det robuste slaget, seier Åsulv Edland, som jobba saman med Lægreid sidan 70-talet til NRK Sogn og Fjordane.

Andre kolleger av Lægreid omtalar han som ein kulturpersonlegheit og ivrig nynorskmann, ei urokråke og ein institusjon i NRK.

LNK.no skreiv sist om Lægreid då han var med i målformdebatten i Valdres for nokre veker sidan.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...