Heim Nyhende Arbeidsinnvandring gir folkevekst

Arbeidsinnvandring gir folkevekst

Over 70 prosent av norske kommunar har nå vekst i folketalet. Arbeidsinnvandring er hovudårsaka.

Medan mange europeiske land opplever befolkningsnedgang, har aldri folketalet i Noreg auka så mykje som dei siste par åra. Det bur no 4 973 000 menneske i Noreg, syner dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) – ein vekst på 20.050 menneske på eitt kvartal. Berre tredje kvartal i fjor har det vore ein større auke i absolutte tal, skriv Dag og Tid.

Noko kjem av ein ganske høg fødselsrate i Noreg, men innvandringa er den store årsaka, og utgjer for tida 70 prosent av folketilveksten. Og dei fleste som kjem, er arbeidsinnvandrarar frå Europa. Den største nettoinnvandringa kjem frå Polen og Baltikum.

Vel så oppsiktsvekkjande som den totale veksten er det at innvandringa nå aukar folketalet over så mykje av landet. Alle fylka har vekst, og folketalet voks i heile 309 av 430 kommunar i dei tre første kvartala i år.

– At så mange kommunar aukar folketalet samtidig, er verkeleg unormalt, seier forskar Helge Brunborg til Dag og Tid. Han arbeider med demografi ved SSB. I 2005 var det til dømes berre 205 kommunar som opplevde folketalsvekst.

– Framleis kjem den største folketalsveksten i byane og omlandet deira. Men vi ser at også veldig mange distriktskommunar har snudd nedgang til oppgang, ikkje minst langs kysten der oppdrettsnæringa går bra. Framskrivingane våre tilseier at denne utviklinga vil halde fram i ein del år ennå. Så er det usikkert om innvandrarane slår rot, om dei reiser heim att eller kanskje flyttar til andre norske kommunar. Det er førebels vanskeleg å seie så mykje om, held han fram.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...