Heim Nyhende Språkrefs til Høgskolen i Narvik

Språkrefs til Høgskolen i Narvik

Kulturdepartementet er ikkje nøgd med Høgskolen i Narvik og bed no om at skulen tar affære og følgjer mållova, slik dei er pålagde.

Allereie i 2007 fekk høgskulen refs for dårleg handheving av mållova, og no, fire år etter, er ikkje tilstanden så mykje betre. Skulen er ikkje gode nok på bruk av nynorsk i sin korrespondanse, og dei har heller ikkje lever rapport om målbruk for 2010, slik lova krev. Det skriv avisa Fremover i dag.

No lovar høgskulen betring. Administrerande direktør Bjørnar Storeng ved HiN seier til avisa at han ikkje synest stoda er så gale som departementet framstiller det. Skjema på nettsidene til skulen finst i båe målformer og e-post som kjem på nynorsk får svar på nynorsk. Men når det gjeld lengre brev så har skulen eit forbetringspotensiale, seier han, og lovar at departementet skal få ei tiltaksliste frå skulen innan 15. desember.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...