Heim Nyhende Vil ha ungdomsråd i alle kommunar

Vil ha ungdomsråd i alle kommunar

Barneombodet krev eit ungdomsparlament for heile Noreg, og ungdomsråd i alle kommunar og fylke.

 

15. desember legg Trond-Viggo Torgersen og resten av Ungdommens maktutgreiing fram sine forslag til korleis ungdom kan få meir innverknad i samfunnet og i kvardagen sin. I høyringssvaret går barneombod Reidar Hjermann inn for å lovfesta at alle kommunar skal ha ungdomsråd, fortel Framtida.no.

 

Ei undersøking frå 2010 viser at over 62 kommunar er utan medverknadsorgan for born og ungdom. Berre 16 prosent av kommunane meiner dei i stor grad høyrer på ungdom. Til samanlikning er alle kommunar pliktige å ha eldreråd.

I sitt høyringssvar krev barneombodet eit klarare språk, slik at høyringsnotat som blir sendt ut frå offentlege organ blir lettare tilgjengeleg for unge. Ombodet rår også til at det blir oppretta ei form for kompetansesenter som kan gi råd, tips og opplæring til arbeidet kommunane gjer når det gjeld medverknad frå barn og unge.

Les heile saka hos Framtida.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...