Heim Nyhende Varierande skuletilbod for asylsøkjarar

Varierande skuletilbod for asylsøkjarar

Norske kommunar gir stort sett asylsøkjarbarn det opplæringstilbodet dei har krav på. Dei fleste fylke gir også tilbod om vidaregående opplæring til asylsøkjarungdom, men det er store skilnader.

Kommunekartlegginga tyder på at dei aller fleste asylsøkjarbarn i grunnskulealder får grunnskuleopplæring, og at dei blir skrivne inn i skulen relativt raskt etter at dei har kome til mottak og omsorgssenter.

Det er NOVA-forskarane Mira Aaboen Sletten og Ada I. Engebrigtsen, som på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, har gjennomgått opplæringstilbodet til asylsøkjarbarn i norske kommunar og fylkeskommunar.

Kartlegginga viser også at det er relativt store skilnader mellom kommunane når det gjeld organisering av opplæringa for asylsøkjarbarn. Asylsøkjarbarn er både barn som søkjer asyl saman med foreldra sine, og einslege mindreårige asylsøkjarar. Talet på asylsøkjarar registrert i Grunnskolens informasjonssystem er omtrent det same som talet barn som bur på mottak og i omsorgssenter.

– Det kan imidlertid sjå ut som om dekninga er noko lågare for asylsøkjarar i ungdomsskulealder enn for asylsøkjarar i barneskulealder, seier Mira Aarboen Sletten til Forskning.no.

Ho og Ada I. Engebrigtsen har intervjua tilsette på omsorgssenter og mottak for å få vite meir om skuletilbodet. Dei fleste hadde gode erfaringar med skular og PPT-tenesta og meinte at skuletilbodet til asylsøkjarbarn er likeverdig med det norske barn får. Dei omsorgssenter- og mottakstilsette var likevel samde i at morsmålundervisinga og den tospråklege undervisninga er mangelfull.

Når det gjeld vidaregåande opplæring er det store skilnader.

– Mottaks- og omsorgssentertilsette som blei intervjua, fortalde at skuletilbudet til asylsøkjarar i videragående opplæring varierer mykje mellom fylka, og at det kan skape problem for mange unge når dei flyttar frå mottak til bustadkommune, seier Sletten.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...