Heim Nyhende Rute 13 - vår Route 66?

Rute 13 – vår Route 66?

Har Fjordvegen Diktarvegen potensial til å bli ein norsk variant av Route 66?

Kven veit, men blant mykje anna interessant, så er også Route 66 med i programmet for Diktarvegkonferansen på Hotel Ullensvang 20.–22. mars neste år. Og det er parhestane frå programmet P.I.L.S. (populærmusikk ispedd litt sladder), Finn Tokvam og Bård Ose, som skal ta oss med på ein tur langs den kjende ruta.

Konferansen elles vil sjølvsagt i heilskap handle om Fjordvegen Diktarvegen (rv. 13) og korleis vi gjennom eit samarbeid mellom kultur, næring, kommunikasjon og offentleg forvaltning kan skape eit nettverk som kan løfte fram både sjølve vegen, identiteten til vegen og kulturen og opplevingane langs vegen, slik at kvalitetane og moglegheitene som rv. 13 byr på, blir allment kjende.

Programmet for konferansen byrjar å ta form, og både statsrådar, sentrale politikarar frå Stortinget, fylkeskommunar og kommunar, kunstnarar, forfattarar og fleire andre kjem til konferansen. Det heile startar med ein innhaldsrik kulturkveld på hotellet tysdag kveld og vert avslutta torsdag etter lunsj.

Program og invitasjon blir offentleggjort og sende ut i midten av januar, men det er ingen grunn til å vente med å setje av datoane 20.–22. mars i almanakken.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...