Heim Nyhende – Seint, men godt

– Seint, men godt

Forfattar Hans Herbjørnsrud fekk kulturprisen av Telemark fylkeskommune i går kveld. Det syntest han var på tide.

I går skreiv vi om Tomas Espedal som ikkje ville ha Riksmålsprisen, i dag er det ein annan prisvinnar som utmerkar seg.

– Eg vil takke Telemark fylke for denne prisen, som kjem seint, men svært godt, uttalte Herbjørnsrud då han mottok prisen av fylkesordførar Terje Riis-Johansen.

– Fylkeskulturprisen har blitt delt ut i 30 år, og er ein pris som heng stadig høgare. Vi er glade for i år å dele ut ein svært velfortent pris til Hans Herbjørnsrud. Det er på høgt tid at vi gir deg heider på heimebane. Vi gratulerer deg som ein god ambassadør for fylket vårt, sa Riis-Johansen ved prisoverrekkinga.

For 30. gong deler Telemark fylkeskommune ut fylkeskulturprisen, og for femte gong går prisen til ein forfattar, fortel fylkeskommunen på nettsidene sine. Tidlegare mottakarar av fylkeskommunen sin kulturpris er mellom anna Bjørg Vik og Haldis Moren Vesaas.

Hans Herbjørnsrud debuterte som forfattar som 41-åring, då han flytta heim til Heddal for å ta over slektsgarden. Det var novellesamlinga «Vitner» som blei hans forfattardebut. Han fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris for denne samlinga. Herbjørnsrud har vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris to gonger. Han er også tildelt Aschehougprisen, Doblougprisen og Kritikerprisen. Heddølen har ni skjønnlitterære utgjevingar bak seg og skriv både på nynorsk og bokmål. Novellene hans er omsette til fleire språk.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...