Heim Nyhende Vaffelhjarte selt til Storbritannia og USA

Vaffelhjarte selt til Storbritannia og USA

Maria Parr gjer stor suksess i utlandet. Debutboka «Vaffelhjarte» er no selt for utgiving på engelsk. Noko som er svært sjeldan for norske barnebøker.

Totalt er «Vaffelhjarte» selt til 16 land, inkludert Kina, Japan og Russland. I Storbritannia er det det tradisjonsrike forlaget Walker Books som skal gi ut boka, i USA forlaget Candlewick, fortel Samlaget i ei pressemelding.

NRK-serien basert på boka, «Vaffelhjarte», har gått på Barne-TV i haust, og blir også sendt som familieunderhaldning i jula.

Maria Parr (fødd 1981) er blant dei norske barnebokforfattarane med flest utgivingsland, og ligg heilt i tetsjiktet med forfattarar som Erlend Loe og Klaus Hagerup. Maria Parr debuterte med «Vaffelhjarte» i 2005, boka blei mellom anna nominert til Brageprisen. I 2009 følgde ho opp med «Tonje Glimmerdal» som vann Brageprisen det året. I 2010 blei «Tonje Glimmerda»l kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. «Tonje Glimmerda»l er førebels selt til ni land.

Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget, er stolt over Parr sin suksess i utlandet:

– Det er imponerande at Maria Parr etter berre to bøker er blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet. Det viser hennar store og allmenngyldige appell. Vi er takksame for å gi ut forfattaren som bokmeldarar verda rundt samanliknar med Astrid Lindgren.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsk rettskriving

Færre elevar har nynorsk som hovudmål

No har ein av ni elevar nynorsk som opplæringsmålform. Leiar ved Nynorsksenteret er ikkje overraska, men ser det òg i samanheng. 11,4 prosent av norske...

Nynorskkommunane støttar økonomisk likestilling for Det Norske Teatret

Styret i Nynorskkommunane – LNK stiller seg bak Tett gapet – aksjonen for å auka tilskotet til Det Norske Teatret. Nynorskteateret i hovudstaden manglar 30...
Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Undersøking: Nynorsken står svakt i lærarutdanninga

I ei undersøking går det fram at mange lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk. Over 70.000 elevar her i landet...

BankID også på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det. Nyheita om at BankID...