I Sauda meir enn dobla dei valdeltakinga blant ungdommar under 26 år i lokalvalet denne hausten. Heile 81,7 prosent under 26 år valde å nytte røysteretten sin. Det er det prosjektet Mot til å meina som har skulda for.
– I Sauda har det blitt jobba systematisk i skule, kommune, lokalavis og i parti for å auke valdeltakinga blant dei unge. Det trur eg er årsaka til suksessen, seier prosjektleiar for Mot til å meina, Einar Schibevaag, til LNK-avisa.
– Det er også viktig å ha med engasjerte menneske som brenn for å få ungdommen med, legg han til.
Mot til å meina er eit treårig prosjekt i regi av kommunane Hjelmeland, Sauda og Time, som hadde som hovudmål å motivere ungdommar til å bidra med kunnskapane sine i partiarbeid, stille til val, bli valde inn i kommunestyra og få posisjonar i politiske fora. Prosjektet blei avslutta med valet nå i haust. I desse dagar blir siste hand lagt på sluttrapporten for prosjektet.
– Korleis har de lukkast i høve målsetjinga til prosjektet?
– Vi har lukkast veldig bra i høve til den prosentvise veksten av unge under 26 år som har nytta røysteretten. Det blei også langt fleire unge på nominasjonslistene til dei kommunane som ved tidlegare lokalval hadde få, seier Schibevaag.
Blei engasjerte av prosjektet
11 ungdommar frå Strand, Bryne og Sauda vidaregåande skular var med i kjernegruppa til prosjektet. Desse elevane har i løpet av dei tre åra vore med på fleire samlingar rundt om i landet, i tillegg har dei også vore arrangørar av to store konferansar, ein i Stavanger i 2010 og ein i Oslo sist vinter.
Ungdommane i kjernegruppa uttaler sjølve i sluttrapporten:
– Mine erfaringar frå Mot til å meina er først og fremst at det ikkje alltid er ungdommane som er dei vanskelegaste å få med, tvert imot er det ofte vanskelegare å få vaksne til å engasjere seg i denne saka, er noko av det Elise Heng Steen frå Jørpeland seier.
– Eg synest Mot til å meina har vore eit interessant prosjekt, og eg har lært ein del av det. Det har vore både morosamt og utfordrande, og rett og slett ei oppleving, seier Anja R. Pettersen frå Sauda. På grunn av prosjektet blei ho engasjert til å stille til val og blei også vald inn i kommunestyret i Sauda.
Roy André Øvrelid Tungland-Knudsen stilte til val i Strand kommune. Han uttaler at prosjektet har gjort han klarare når det gjeld politisk standpunkt. Britt Mari Engeskar frå Suldal blei vald inn i kommunestyret i heimkommunen.
– Det blei ein annan inngang i politikken si verd. Noko som verka grått og keisamt, blei fort til noko anna – at meininga mi betyr noko, og at eg kan gjere ein forskjell, seier ho i rapporten.
– Ta ungdommane på alvor
I løpet av dei tre åra blei det budsjettert med utgifter på vel fire millionar kroner. Den økonomiske delen av sluttrapporten var ikkje klar då LNK-avisa gjekk i trykken. I tillegg til dei tre deltakarkommunane er det fleire som har gjeve midlar til prosjektet. Mellom anna har fleire fylkeskommunar vore med, det same har Ryfylkefondet, privat næringsliv, Jærmuseet, Landslaget for lokalaviser (LLA) og LNK.
Prosjektleiar Einar Schibevaag har fått ein del viktige påminningar i løpet av prosjektperioden.
– Veldig mange politikarar og folk i kommuneadministrasjonar er i for liten grad opptekne av å jobbe for å få ungdommar meir engasjerte og av å ta ungdommar på alvor. Dei omtaler dette i 17. mai-talar, men når det kjem til praktisk politikk, er det ikkje så vektlagt, seier han.
– I departement, kommunar og fylke er dei i altfor stor grad oppteken av den tekniske gjennomføringa, at alt skal gå føre seg på lovleg vis, men dei skapar ikkje arenaer for å få dei unge til å vere med og bidra, held han fram.
– Kva lever vidare etter Mot til å meina-prosjektet?
– Først og fremst er det viktig å peika på at det må jobbast kontinuerleg med å auke det politiske engasjementet blant dei unge. Viss vi lukkast med å få dei unge til å begynne å røyste tidleg, er det mindre sjanse for at dei droppar å nytte røysteretten sin seinare. Elles, så kan kommunar og skular nytte seg av materiell vi har utarbeidd i løpet av prosjektperioden, mellom anna undervisingsopplegg og sluttrapport, svarer Schibevaag.
Resultat av prosjektet
Ved lokalvalet denne hausten var det åtte unge under 26 år som stilte til val i Sauda kommune og Hjelmeland kommune, medan det var 15 unge kandidatar i Time kommune. Totalt stilte altså 31 kandidatar til val i dei tre kommunane mot 23 ved førre kommunestyreval. Det betyr ein vekst på 34 prosent. I Sauda blei to av dei unge kandidatane valde inn, medan éin ungdom fekk plass i kommunestyret i Hjelmeland. I kommunestyret i Time er det ingen representantar under 26 år dei neste fire åra. I alle dei tre kommunane er det fleire varapersonar under 26 år.
I løpet av dei tre åra har det også blitt gjennomført fleire kartleggingar i regi av Mot til å meina-prosjektet, både lokalt og nasjonalt. Desse kartleggingane har hatt som mål å finne ut av ungdom sitt politiske engasjement. Mot til å meina har også hatt samarbeid med nettstadene Framtida.no og Magasinett.no. På tampen av prosjektperioden og like før lokalvalet blei også nettstaden Førstevalet.no oppretta i regi av Mot til å meina. Dette var ein Facebook-basert kampanje, som hadde som mål å nå unge under 26 år og få dei til å nytte røysteretten sin.