Heim Nyhende Ikkje nøgd med skulekutt

Ikkje nøgd med skulekutt

Over halvparten av norske kommunar kuttar i skulebudsjettet neste år, ifølgje Utdanningsforbundet. Dette vil råka både elevar og tilsette.

Utdanningsforbundet har sendt ut ei spørsjeundersøking til hovudtillitsvalde for grunnskulen i 430 kommunar. Dei fekk inn 286 svar. 58 prosent svarer at det forslag om kutt og nedkjeringar i deira kommuna i 21012-budsjettet.

– Vi ser at norske elevar får ein sparepakke til jul, seier Mimi Bjerkestrand, som er leiar i den største fagforeininga for lærarar, Utdanningsforbundet, til NRK.

– Dette er alvorlig fordi det råkar elevane og tilbodet på skulen. Det rammar spesialundervisning, det blir mindre deling av klassar, det råkar praktisk undervisning, seier ho vidare.

Utdanningsforbundet si undersøking viser at dei kommunane som kuttar legg opp til å gjere dette med nedbemanning.

Av dei som har sett konkretiserte spareplanar, svarar 84 prosent at det ligg føre forslag om å kutte i lærarårsverk.

– Vi veit at det blir nedskjeringar i 2012, seier Sigrun Vågeng, administrerande direktør i kommuneorganisasjonen KS.

Ho ser likevel ikkje heilt mørkt på det.

– Kommunane seier at dette blir trangt, men dei skal klare å levere gode tenester til innbyggarane. Måten dei løyser det på vil variere, men det er nok heilt reelt at dei ikkje har nok pengar til å gjere alt, seier Vågeng.

Vågeng peikar først og fremst på det trange statsbudsjettet for 2012 som årsaksforklaring.

– Vi ba Regjeringa om 800 millionar meir til kommunane dersom dei skulle klare å oppretthalde tenestetilbodet på dagens nivå, forklarer ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...