Det er stadig nye prisar ein kan få, også for ein kommune eller tettstad. Nytt av i år er statens pris for mest attraktive stad i landet, og den er på 250 000 kroner.
Prisen skal gå til ein kommune eller stad i landet kor ein har utmerka seg ved å “drive kvalitetsmessige og estetiske opprustningar av lokalsamfunn med mål å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring i og besøke”, som det heiter i utlysinga. Alle kan føreslå kandidatar til prisen, og dei nominerte vil bli presenterte på Facebook og på heimesidene til Distriktssenteret.
Kåringa av vinnaren er det ein fagjury som skal ta seg av, og leiar for juryen er Erling Dokk Holm. Han har doktorgrad fra Arkitekt- og designhøyskolen, han har jobba mykje med byplanlegging og arkitektur. Dokk Holm er dessutan ivrig samfunnsdebatant og har faste spalter i Dagbladet Magasinet og Dagens Næringsliv. Husbanken og Distriktssenteret er sekretariat for prisen.
Prisen blir delt ut av Kommunal- og regionalminster Liv Signe Navarsete i juni.
Frist for å melde seg sjølv eller andre som kandidatar til prisen er 12. februar 2012.