Heim Nyhende Desse er nominerte til UPrisen

Desse er nominerte til UPrisen

Ungdomsjuryen har nominert fem bøker til UPrisen – Årets ungdomsbok.

Terje Torkildsen kan risikera å vinna UPrisen nok ein gong. UPrisen er den einaste litteraturprisen der ungdommen sjølv kårar vinnaren, skriv Framtida.no.

Edith Embla Frydenlund (15), Hou Jin Chan (15) og Ingrid Botslangen Frantzen (15) er med i juryen, og har sete i mange timar og diskutert seg fram til dei nominerte. Rett før jul fekk dei tilsendt 120 bokmeldingar av til saman 38 bøker som dei måtte lesa.

– Det var godt å få noko anna å lesa, noko som ikkje var pensum eller skulerelatert, seier Hou Jin til Framtida.no.

Dei fem bøkene skal no sendast ut til sju klassar som skal delta i juryen. I mai skal dei møtast i Lillehammer og stemma fram ein vinnar.

Dei fem nominerte er:

Den 4. parallell: Maria-eksperimentet av Kjetil Johnsen
Parallelle verder, kvantefysikk og livsfarlege løyndomar som kan utslette alt er verkelegheiten for 17-årige Emma og krigeren Caine. No står de ovanfor den verste fienden, og sanninga om den 4. parallell må avslørast.

Solstorm 1. Himmelslør av May Grethe Lerum

Ingenting er som før. Det er like før jul. Kulda har sete seg. Solstormen rammar. Butikkane stengast, banksystema sloknar. Sjukehus og fengsel bryt saman. “Solstorm 1. Himmelslør” er ein dramatisk og spanande ungdomsroman og den første i ein planlagd trilogi.

Mørketid av Åshild Moldskred

Kor godt kjenner ein eigentleg den beste venen sin? Dette spørsmålet rotar det skikkeleg til i livet til Åge. For når den smellvakre engelskvikaren har avslørt at bestevenen Runa drikk blod, blir alt snudd på hovudet. Runa kjem frå ein tradisjonsrik bloddrikkarfamilie på Oslos nedre vestkant, og Åge er ein motvillig synkronsvømmar og antihelt som gjev alt. Tvilen har vorte sådd, og Runa og Åge blir trukke inn i eit spel der ingen er det dei gjev seg ut for å vere.

Høsten av Jan Henrik Nielsen
Søstrene Nanna og Fride har i fleire år levd i ein bunker med faren, etter at ein mystisk sjukdom har ramma det meste av livet på jorda. Ein dag blir faren råka av sjukdomen, og jentene må forlate bunkeren og reise attende til byen dei budde i før, i håp om å finne medisin.

Dystopia III av Terje Torkildsen.
I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia. Utmatta etter vandringa gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i slottet til markien av Moulindam. Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og oppover. Boka er på nynorsk.

Vinnaren blir kunngjord torsdag 31. mai under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Her kan du lese meir om UPrisen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...