Heim Nyhende Inkluderande bibliotek

Inkluderande bibliotek

Lånetala til biblioteka går ned, medan det kjem fleire besøkande enn før. I eit stadig meir multikulturelt samfunn er biblioteka viktigare enn nokon gong, meiner forskar.

– På biblioteka er ingen lege, arbeidsledig, romanforfattar, pasient eller klient. På biblioteket er alle bibliotekbrukarar, seier Svanhild Aabø, som er professor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus, til Forskning.no.

– Biblioteka har blitt ein mangfoldig møtestad. Det er få offentlege arenaer som har så stor variasjon av besøkande frå lokalmiljøet, held ho fram.

Fleirtalet av bibliotekbrukarane, 56 prosent, låner ingenting, men bruker biblioteka på andre måtar, viser undersøkingar.

– Folk føler at biblioteka tilhøyrer dei. Også asylsøkjarane ser på bibiloteket som ein stad dei har rett til å vere. Vi trur at folkebiblioteka kan fange opp folk som er i ferd med å bli marginalisert. Desse kvalitetane ved biblioteket bidrar til sosial inkludering, meiner Aabø.

– Det er positivt at asylsøkjarar og arbeidsledige kan bruke dagen på ein meiningsfull stad som biblioteket, ein stad for kunnskap og læring, seier ho, og legg til at det er mange suksesshistorier om folk som har kome innanfor biblioteket og vidare inn i nytt arbeid.

– Det er samfunnsmesig lønsamt å satse på biblioteket, sluttar ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...