Heim Nyhende Terra-rettssak kan bli avvist

Terra-rettssak kan bli avvist

Sju kommunar, blant dei Bremanger og Vik, kan gå på ein ny kraftig kostnadssmell etter den såkalla Terra-saka.

Kommunane har saman med andre kreditorar i fleire år jobba med søksmål mot bankgiganten Citigroup for tapa dei vart påført, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Så langt har søksmålet kosta 130 millionar kroner, likevel risikerer kommunane at saka blir avvist, skriv Dagens Næringsliv.

Kommunane har saksøkt den amerikanske finansgiganten for opptil 560 millionar, men advokatane anar framleis ikkje når saka vil bli vurdert av retten i USA.

Det er framleis usikkert om den nokon sinne vil hamne i ei hovudforhandling.

– Vi aner ikkje når saka kjem opp, men håper i løpet av eit års tid. Saka kan bli avvist, det er alltid ein risiko, seier bustyrar Jon Skjørshammer i advokatfirmaet Selmar til Dagens Næringsliv.

 

Dette er Terra-skandalen:

Åtte norske kommunar har kravd til saman nær 1,5 milliardar frå buet etter den mykje omtala Terra-skandalen, som blei avdekka i 2007.

Kommunane selde framtidige kraftinntekter og investerte pengar i risikofylde obligasjonar formidla av selskap i Terra-systemet.

Kommunane det gjeld er Vik og Bremanger kommunar i Sogn og Fjordane, Hattfjelldal, Hemnes, Rana og Narvik i Nordland, Kvinesdal i Vest-Agder og Haugesund i Rogaland.

Kommunane investerte risikofylde obligasjonar gjennom meklarfirmaet Terra Securities.

Hattfjelldal og Hemnes kommunar selde seg ut av alle risikoprodukt før jul, og realiserte dermed tap på høvesvis 88 og 69 millionar kroner. Vik har tapt 145 millionar kroner, og Bremanger 240 millionar kroner.

Terra Securities er nå konkurs.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...