Heim Nyhende Hanne Bergheim fekk Øyo-stipendet

Hanne Bergheim fekk Øyo-stipendet

Hanne Bergheim tok imot Øyo-stipendet på 20.000 kroner under avviklinga av musikkfestivalen på Stord laurdag kveld.

– Juryen trekkjer fram Bergheim som ein dyktig låtskrivar og god tekstforfattar, ein god liveartist med ein særprega vokal, og at ho syng på nynorsk, skriv festivalleiar Alf H. Aronsen i ei pressemelding.

Øyo-stipendet blei delt ut av Øyo, Sparebanken Vest og Mediehuset Sunnhordland.

– Stipendet skal gjera det mogleg for unge, uetablerte artistar i Sunnhordland å komma seg ut for å dela musikken sin med eit større publikum. Stipendet skal brukast til turnéverksemd, står det i meldinga, ifølgje avisa Sunnhordland.

I juryen var det representantar frå Øyo, Sparebanken Vest, Mediehuset Sunnhordland og Stord-musikar og forfattar Roald Kaldestad.

I grunngjevinga står det følgjande:
«Det har vore ei todelt oppleving å vera med i juryen for årets Øyo-stipend. For det første har det vore gledeleg å høyra at unge sunnhordlendingar lagar så mykje god musikk. Det skal me vera stolte over. Samstundes har det gjort juryarbeidet vanskeleg – alle kandidatane hadde fortent eit stipend slik at fleire kan få glede av musikken deira.

Me i juryen meiner likevel at ein av kandidatane skil seg ut ved å scora sterkt på alle kriterium. Det er ei glede for oss å kunne overrekkja Øyo-stipendet 2012 til bømlingen Hanne Bergheim.»

I år hadde fem artistar søkt stipendet: Nils Horn, Aina Hatlevik, Stine Larsen, Hanne Bergheim og gruppa Evolver.

Wikipedia skriv følgjande om Hanne Bergheim: Hanne Bergheim (fødd 26. juli 1986) er ein norsk musikar, biletkunstnar og tekstforfattar frå Bømlo, busett i Bergen. I starten av si musikalske karriere var ho mest aktiv innan teater og musikalar, men ho er i størst grad kjent frå duoen List saman med fiolinist og vokalist Ella Helèn Bukkøy.

I 2008 gav List ut EPen «Excuse me while I disappear», i 2009 gav dei ut album og turnerte i Kina. I 2011 kom deira første album i norsk språkdrakt – der står Hanne bak sju av 12 låtar, i tillegg har List tatt i bruk materiale skrive av tekstforfattar Ingvar Hovland og hans kompanjong Asbjørn Stokkeland.

I 2010 blei Hanne Bergheim tildelt den første Kenneth Sivertsen-prisen for unge musikarar.

I 2011 blei ho aktuell med multimediaverket Tilstandar som vart utabeid i Beijing. Utstillinga blei halden i Moster Amfi april-mai 2011.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...