Sandnes videregående skole har nynorskveke denne veka. Føremålet med denne veka er å syne elevane at nynorsk kan nyttast til alt.
I går var tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, på den vidaregåande skulen og haldt foredrag om språk og identitet. I dag har Kjell Inge Torgersen minikonsert med sine nynorske songtekstar.
– Vi vil syne elevane at nynorsk kan nyttast til alt, seier avdelingsleiar for språk ved Sandnes videregåande skole, Grethe Rasmussen, til Stavanger Aftenblad.
Elevane som går første året på skulen deltar i ei tevling om å lage best «teaser» til den fiktive nynorskfilmen «War of words». I «teaseren» må dei kommentere målforma si rolle i den dramafylte historia om det norske språket, ifølgje Aftenbladet. Elevane har nytta norsktimane den siste tida til å lage «teaseren». Vinnaren blir kåra i morgon.