Heim Nyhende Vil styrke nynorsk

Vil styrke nynorsk

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har sett ned ei ressursgruppe som skal arbeide for å styrke nynorsk som hovudmål.

I ein kommentar i VG i dag skriv Halvorsen om denne satsinga på å styrke nynorsk. Ho peikar i byrjinga av kommentaren på at det ikkje var ho som kunnskapsminister som fremja endringane i sidemålsopplæringa, men at det var tilrådingar frå Utdanningsdirektoratet.

– Eg bed i mitt svar om at ulike komptensemål blir vurderte, men strekar under at det ikkje er trekt nokon konklusjon. Spørsmålet om standpunktkarakterar og eksamen blir eit tema for høyringa om den nye læreplanen i norsk, og eg gir ingen signal i mitt svar om endringar i dette nå. Men eg bed om at alle faglege innspel til vurderings- og eksamensordninga blir vurderte, seier kunnskapsministeren i kommentaren.

Med bakgrunn i tala om at det i dag er 13,2 prosent av elevane i grunnskulen som har hovudmål, eit tal som blir halvert til 6,7 prosent i vidaregåande skule, ønskjer Halvorsen nå å jobbe for å styrke nynorsk.

– Derfor set Kunnskapsdepartementet allereie nå ned ei ei ressursgruppe for å styrke nynorsk som hovudmål. Eit interessant forslag som vil bli vurdert, er å gi elevar med nynorsk som hovudmål eit ekstra poeng ved opptak til høgare utdanning. Andre tema gruppa vil sjå nærare på er korleis vi kan styrke lærarane sin kompetanse i nynorsk og nynorske læringsressursar på nett, slår kunnskapsministeren fast.

– Vi må dessutan skaffe oss meir kunnskap om kvifor så mange elevar byter skriftspråk gjennom skuleløpet for å kunne snu denne utviklinga, legg ho til.

Halvorsen har også ei klar oppmoding til media:

– Skulen aleine kan ikkje sikre nynorsk. Det er massiv bokmålspåverknad i det offentlege rom. Riksavisene lar ikkje journalistane skrive på nynorsk og nettet er nesten reinsa for tekstar på nynorsk. Mi oppmoding går derfor også til alle medium. Ta på alvor at vi har to likestilte skriftspråk i Noreg. Sørg for at nynorsk blir haldt levande i eigne spalter.

Kunnskapsdepartementet sine sider kan du lese heile kommentaren frå Halvorsen.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...