Heim Nyhende Bakgrunn: Dette er Robek

Bakgrunn: Dette er Robek

50 kommunar er i dag underlagde statleg økonomisk kontroll via registeret Robek.

I desse dagar jobbar fylkesmennene rundt om i landet med å gå gjennom årsbudsjetta og rekneskapane til kommunane og fylkeskommunane. Viss ein kommune etter denne gjennomgangen viser seg å vere i økonomisk ubalanse, vil fylkesmannen melde kommunen inn i Register for betinga godkjenning og kontroll, betre kjent som Robek.

Konsekvensen av å hamne i Robek er at kommunen må ha godkjenning frå staten for å ta opp nye lån eller gå inn i langsiktige leigeavtalar. Staten er i dette tilfellet Kommunal- og regionaldepartementet.

I ubalanse

Kva det vil seie å vere i økonomisk ubalanse, er definert i kommunelova sin paragraf 60. I følgje denne paragrafen vil økonomisk ubalanse vere til stades dersom kommunen har vedteke eit årsbudsjett eller ein økonomiplan utan å ha dekking for alle utgiftene sine. Det kan også vere at kommunestyret har vedteke eit underskot i rekneskapen som blir fordelt utover det påfølgjande budsjettåret etter at rekneskapen er lagt fram, eller at kommunen har ein vedteken plan for dekking av underskot som han ikkje følgjer.

118 på det meste

Robek har eksistert sidan 2001. Før den tid måtte alle kommunar ha tilsvarande statleg godkjenning av låneopptak og leigeavtalar. Innmelding i eller utmelding av registeret skjer to gonger i året. Den fyrste runden finn stad omtrent denne tida, og då som nemnd på bakgrunn av økonomiplan og årsbudsjett. Kommunar som allereie er i Robek, vil på denne tida få lovlegheitskontrollert budsjetta og økonomiplanane sine. Den andre runden finn stad før sommaren, og då blir kommunane vurderte på bakgrunn av den vedtekne årsrekneskapen.

Toppåret i Robek var i 2004, då heile 118 kommunar og fylkeskommunar hamna i registeret. I desember 2007 var talet nede i 42, og sidan då har det lege på pluss minus 50.

Terra-skandalen

Det er mange grunnar til at kommunane og fylkeskommunane kjem i den økonomiske ubalansen som skal til for å hamne i Robek. Hemnes kommune hamna i Robek i 2008, hovudsakleg på grunn av store økonomiske tap etter Terra-skandalen. Kommunen reknar med å vere ute av lista i 2014. Samstundes gjekk fleire av dei andre Terra-kommunane klar fordi dei greidde å dekkje inn tapa sine på andre måtar enn Hemnes.

Avisa Nationen gjorde i haust ei undersøking av Robek-kommunane etter valet. Heilt nøyaktig er denne undersøkinga ikkje, men ho syner at i alle fall 18 av 50 ordførarar frå Robek-kommunane fekk fornya tillit ved det førre kommunevalet.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...