Heim Nyhende – Tøft å vere i Robek

– Tøft å vere i Robek

Jølster kommune i Sogn og Fjordane har vore under statleg økonomisk styring i to periodar. Det har ikkje vore lett å vere verken politikar eller i administrasjonen i desse periodane. Fokuset på økonomi gjennomsyra alt arbeidet og alle prioriteringane.

– Vi var så ekstremt fokuserte på økonomi. Vi utøvde ikkje aktiv politikk i desse periodane, fortel tidlegare Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal (Sp). Ho var første kvinnelege ordførar i kommunen frå 1995 til 2011.

Første gongen Jølster kommune kom inn under statleg økonomisk styring, var i 1995. I 2001 kom dei seg ut av det, men i 2003 var dei tilbake i Robek. I 2009 klarte dei igjen å jobbe seg ut.

– Ein blir litt uthengd som Robek-kommune. Media er med på dette. Samstundes vil ein gjerne gi innbyggjarane i kommunen eit godt tenestetilbod, men ein kan ikkje bruke pengar på meir enn det absolutt mest naudsynte, fortel den tidlegare ordføraren.

– Det kommunale tenestetilbodet blir ståande på staden kvil. Vi prøvde å kutte i administrasjonen, lét vere å kjøpe inn naudsynt materiell til skulane, heldt aktivitetssenteret for dei eldre ope berre annan kvar dag. Det smerta mykje at det ofte blei dei svakaste som måtte tape. Det var ein sparekniv over alle tenestene, samstundes som vi måtte drive lovleg, held ho fram.

LES OGSÅ: Dette er Robek

– På ein måte kan det vere behageleg å vere ein Robek-kommune. Det politiske arbeidet går då berre ut på å halde seg innanfor budsjettet. Den politiske debatten blir lågmælt, og kutta må ein ta anten ein likar det eller ikkje, seier Dvergsdal.

Gerd Dvergsdal
Gerd Dvergsdal (Sp) var ordførar i Robek-kommunen Jølster, og meiner det er vanskeleg å gje innbyggjarane eit fullgodt tenestetilbod når ein ikkje rår over eigen økonomi. (Foto: Helse Vest)

Godt samarbeidsklima

Dvergsdal peikar på at samarbeidsklimaet, både blant politikarane og administrasjonen i kommunen, var godt i desse åra under statleg styring.

– Sjølv om det var utarmande for politikken og sjølvråderetten, så var vi samstemte med administrasjonen og tenesteleiarane. Dei gjorde ein formidabel innsats i desse periodane, slår ho fast.

Ho er veldig glad for at ho kunne forlate ordførarstolen i ein kommune som var utanfor Robek.

– Vi brukte like mykje krefter på å halde oss utanfor Robek som då vi var inne i systemet. Vi var så medvitne om at vi ikkje ville inn igjen, konstaterer Gerd Dvergsdal.

Ho fortel at på 2000-talet var 17 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane i Robek-registeret og under statleg økonomisk styring.

– Det var ikkje slik at vi sløste med midlane våre, men vilkåra for å drive ein kommune var så dårlege, med manglande midlar til lovpålagte oppgåver og andre krav som blei stilte til oss. Det var eigentleg lita trøyst i at mange andre kommunar også sleit som oss, slår Dvergsdal fast.

I 2005 fekk kommunane eit økonomisk lyft med auka statlege midlar.

– Hadde ikkje dette skjedd, trur eg ikkje vi hadde kome oss ut av Robek, trur den tidlegare Jølster-ordføraren.

Gerd Dvergsdal fortel at den siste biten av vegen ut av Robek var ekstra tung.

– Det var ikkje akkurat nokon sigersrus då vi kom oss ut med 2008-budsjettet, sjølv om vi var glade for det. Vi strevde så lenge med den siste biten, sluttar ho.

Tungt i administrasjonen

Tidlegare rådmann Arne Jostein By merka også det store fokuset på økonomi i sitt arbeid.

– Det blei altfor mykje fokus på økonomi, både blant leiarane og vidare ut blant dei tilsette. Det var ein del frustrasjon blant dei tilsette fordi det blei for lita tid til fagleg utvikling og det å setje seg faglege mål. Det hadde vi jo ikkje ein sjanse til å snakke om så lenge økonomien ikkje tillét det, slår By fast.

Han sat som rådmann frå 1996 til 2009 og opplevde dermed begge periodane under statleg økonomisk styring som rådmann.

– Var det tungt å vere «den store stygge ulven» som øvste administrative leiar i desse periodane?

– Det var tungt å vere han som måtte kome med bodskapen om innstramingar til dei tilsette, men den positive haldninga vi møtte hos politikarane og gode medarbeidarar, gjorde at det likevel ikkje var så ille å vere rådmann. Eg trur det mange gonger var verre for dei som jobba ute i tenestene og måtte ta imot kjeft frå pårørande og foreldre som ikkje var nøgde med det tilbodet dei fekk, seier den tidlegare rådmannen.

By peikar på at klart definerte roller var avgjerande for at Jølster kommune klarte å arbeide seg ut av Robek.

– Ein av kjepphestane mine gjennom alle år i offentleg forvaltning har vore at ein må ha ei klar oppfatning av kva rolle administrasjonen har, og kva rolle politikarane har. Når vi var klare over desse rollene, og samarbeidsklimaet var så bra, då var det mogeleg å diskutere løysingar i fellesskap og gå vidare, fortel den pensjonerte rådmannen.

Mediepress

Arne Jostein By merka også presset frå media.

– Media kunne vere med på å forsterke det negative fokuset, slik at folk opplevde at dei fekk eit dårlegare tenestetilbod enn kva dei faktisk gjorde. Media såg ofte ikkje den store samanhengen, men var mest opptekne av små detaljar, peikar han på.

Jølster kommune var i den siste perioden under statleg økonomisk styring på grunn av følgjande brot på kommunelova paragraf 60 nr. 1 bokstav b, c og d: «b. kommunestyret eller fylkestinget har vedtatt å fastsette en økonomiplan uten at alle utgifter er dekket inn på økonomiplanen, c. kommunestyret eller fylkestinget etter paragraf 48 nr. 4 har vedtatt at et regnskapsmessig underskudd skal fordeles ut over det påfølgende budsjettår etter at regnskapet er framlagt, eller d. kommunen eller fylkeskommunen ikke følger vedtatt plan for dekning av underskudd».

I praksis innebar den statlege administrasjonen at Jølster kommune måtte få godkjenning frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av alle økonomiske vedtak.

– Vi måtte få ja på alle dei tre følgjande spørsmåla før Fylkesmannen godkjende vedtaka vi gjorde: Er det lovpålagt? Følgjer det opp eit pålegg frå staten? Er det sjølvfinansierande? fortel tidlegare rådmann Arne Jostein By.

– Det var ein tøff prosess å kome seg ut av Robek, men då vi kom oss ut, gjorde det godt, og eg følte vi kunne gå vidare med æra i behald på vegner av både kommunen og oss sjølve, sluttar By.

Større handlingsrom

Sitjande ordførar, Oddmund Klakegg (Sp), kan fortelje at Jølster nå har god kontroll på økonomien.

– Vi har ein stram økonomi, men har likevel høve til å gjere heilt naudsynte investeringar. Det kan vi takke den stabile og gode renta for, pluss at vi har hatt ei utbygging av kraft i kommunen dei siste åra. Dette har gitt oss rundt 13 millionar kroner i auka inntekter, og sjølv om det totale budsjettet er på 230 millionar kroner, så gir auken oss likevel eit handlingsrom, seier Klakegg.

Han kan vidare informere om at Jølster kommune kjem godt ut når dei kommunale tenestene blir målte.

– Vi ligg oppe blant dei 40 til 50 beste når det gjeld KOSTRA-tal, så eg vil seie at vi produserer eit rimeleg høgt tenestenivå, seier Jølster-ordføraren.

– Då vi kom inn i Robek, hadde vi eit tenestenivå som var for høgt i høve til kva sentrale styresmakter la opp til. Vi hadde heller ikkje god nok økonomistyring. Det har vi blitt flinkare til nå, men det har kravd mange upopulære avgjerder, seier Klakegg.

– Nå er forventningane store i kommunen. Vi har mange gamle bygg som krev ei opprusting. Den store utfordringa er å halde lånegjelda nede. Det er dét eg er uroa for, fortel han vidare.

Kommunen med i overkant av 3000 innbyggjarar skal mellom anna byggje ein barnehage til 42 millionar kroner. Nå leiger kommunen eit fabrikklokale til å drive barnehage i.

– Dette er med på å tvinge gjelda opp. Samhandlingsreforma kjem dessutan til å krevje sitt. Ein slanka administrasjon gjer i tillegg at det ikkje er berre-berre å drive kommunen sjølv om vi er ute av Robek, sluttar ordførar Oddmund Klakegg.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...