Heim Nyhende Fryktar for skulemålet

Fryktar for skulemålet

Viss Bykle kommune blir språknøytral, vil det få konsekvensar også for skulemålet. Det meiner varaordførar Tor Hallvard Mosdøl (Sp).

Mosdøl var ein av dei som bad om å få saka utsett då ho var til politisk handsaming i slutten av januar. Han er sterkt kritisk både til realitetane i saka og korleis ho er utgreidd.

– At det er tungvint for dei tilsette å skrive eit språk dei ikkje beherskar, er for så vidt greitt. Men eg meiner dette handlar mest om viljen, minst om evna. Vi må sjå dette i ein større samanheng, seier varaordføraren. Han fryktar dessutan for skulemålet viss Bykle blir ein språknøytral kommune.

Flaggskipet

I saksutgreiinga frå Bykle kommune er ikkje skulemål nemnt, men i det opphavlege forslaget som kom frå Dag Hovden i Arbeidarpartiet, står det at forslaget ikkje inneber noka endring i målform for skulane sin del.

Mosdøl er ikkje overtydd. Han har ikkje tru på ein kommune som lèt dei tilsette i administrasjonen skrive den målforma dei vil, men som forventar at dei tilsette i skulen held på nynorsken.

– Kommunen er flaggskipet her, det er klart at dette vil få konsekvensar også inn i skulen.

LES OGSÅ: Vil bli språkleg nøytrale

Tor Hallvard Mosdøl er heller ikkje nøgd med saksgangen så langt. Han er ein av dei som meiner saka kom for fort opp, utan at ein fekk tid til å setje seg skikkeleg inn i ho. I tillegg er utgreiinga mangelfull, meiner han.

– Eg saknar vurderingane og konsekvensutgreiinga i ei så viktig sak. Dette handlar om historia vår; vi har hatt nynorsk som administrativt språk i Bykle sidan 1922. Og skulane våre har brukt nynorsk sidan 1902. I år kunne vi feira 110-årsjubileum. I staden sit vi og handsamar ei slik sak. Det synest eg er ganske historielaust.

Engasjement

Senterpartiet bad om å få ei breiare utgreiing i tillegg til utsetjinga, men forslaget deira fall. No skal saka handsamast på det same grunnlaget i februar. Det synest Mosdøl er trist og viser til at dette er ei sak som engasjerer.

– Vi hadde 10-15 tilhøyrarar på benkene under kommunestyremøtet i januar. Det er mange i høve til det vi er vane med.

LES OGSÅ: Vil vakte språket i regionen

Både privatpersonar og mållaget har engasjert seg i media og vendt seg direkte til dei folkevalde for å seie meininga si om saka, som har blitt ein snakkis i bygdene, ifølgje Mosdøl.

Varaordføraren signaliserer no at partiet ikkje kjem til å gi seg så lett.

– Vi kjem til å gjere den jobben vi meiner administrasjonen burde ha gjort. Vi vil få inn fleire vurderingar av kva nynorsken har å bety for kommunen, gjerne så nøytrale som mogeleg. Og eg trur det er ein reell sjanse for at vi kan nå gjennom med argumenta våre, seier varaordføraren.

– Dette er ikkje vegen å gå. Nynorsk er ein del av identiteten vår i Bykle, og vi har eit ansvar som kulturberarar.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...