Heim Nyhende – All ordleik er bra

– All ordleik er bra

Det meiner språkprofessor Gunnstein Akselberg. SMS, chat, sosiale medium, wordfeud; alt dette er med på å gjere folk meir aktive når det gjeld skriving.

– Mobil- og chattespråket følgjer ikkje normalen for verken nynorsk eller bokmål. Det viktige er at det har fått fleire til å skriva. Om du tenkjer deg tilbake til tida før datamaskiner og mobiltelefonen, var det mange som var lite aktive på skriftleg kommunikasjon. No skriv folk som aldri før, seier professor Gunnstein Akselberg ved Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen, til bt.no.

Han viser til at ikkje minst ungdom nå skriv mykje meir enn før. Før skreiv mange bare private brev og når dei måtte av formelle grunnar. Endringa i teknologien har mobilisert store grupper av nye skrivande.

– Einskilde er skeptiske til kva dette gjer med rettskrivingen?

– Ja, det kan eg forstå. Ein må vega mot kvarandre. På den eine sida det at fleire er aktive, produktive og skapande skrivande. På den andre sida at dei ikkje følgjer dei skriftlege retningslinene for språket. Eg meiner det veg tyngst at stadig fleire er aktivt skrivande, seier professor Akselberg.

– Når folk skriv i sosiale medium, skriv dei eit skriftspråk som ligg tett opp til den geodialekten eller sosiolekten dei har. Det at ein bruker dialektbasert skriftspråk, kan vera med på å heva statusen på talemålet, meiner Akselberg.

– Kva meiner du om wordfeud?

– Eg har ikkje nok kunnskap om dette spelet til å seie korleis det verkar inn på språket. Generelt meiner eg alt som har med språkproduksjon å gjera, har positiv innverknad på språket. All språkleik som stimulerer til kreativitet, er bra, seier språkprofessoren.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Casino Chile online: guía completa para elegir y jugar seguro en 2026

El entretenimiento digital en español vive un momento dorado: cada año, millones de usuarios buscan propuestas seguras, transparentes y pensadas para disfrutar desde cualquier...

Dlaczego gracze wybierają Superbet jako swój główny portal bukmacherski

Wybór odpowiedniego miejsca do zawierania zakładów wzajemnych jest kluczową decyzją dla każdego fana sportowych emocji. Jeśli interesuje Cię szybki dostęp do swoich środków, superbet...

Alles wat je moet weten over het Superbet platform

Superbet heeft zich in korte tijd ontwikkeld tot een favoriete bestemming voor sportwedders en casinoliefhebbers in Europa. Om direct toegang te krijgen tot jouw...

Analiza oferty bukmacherskiej forbet dla graczy

Wybór odpowiedniego operatora zakładów wzajemnych to kluczowy krok dla każdego fana sportu. Jeśli szukasz atrakcyjnych warunków na start, koniecznie wykorzystaj kod promocyjny forbet podczas...