“For dei som nyttar nynorsk som hovudmål i dag, vil presset til å nytte bokmål auke dersom folk frå bokmålsområde får dårlegare nynorskkunnskapar.” Det er eitt av punkta i ei fråsegn om sidemålsundervisning som Norsk Lærarmållag nyleg vedtok.
Den 13 punktar lange fråsegna tar opp i seg ulike område laget er bekymra for viss sidemålsundervisninga si stilling blir svekka. Fråsegna peikar mellom anna på at fråfall av karakter og eksamen i sidemål kan gje sidemålsundervisninga lågare prioritet hos lærarar og elevar.
Laget er også skeptiske til at ei rein munnleg undervisningsform vi vere bra for sidemålet. “Vi har aldri sett den same argumentasjonen når det gjeld andre språkfag som engelsk, tysk, fransk eller spansk”, heiter det i fråsegna frå Norsk Lærarmållag.