Heim Nyhende Nynorsksuksess på nett

Nynorsksuksess på nett

Nettavisa til Sogn og Fjordane si største avis, Firda, har dagleg 20 000 lesarar. Det gjer dei til den største nynorske aktøren på nett. Suksessen er ikkje tilfeldig.

 

Kanalsjef og nettansvarleg for Firda Media, Eirik Grane, opplysar til lnk.no at ifølgje den siste rapporten til Forbruker & Media, levert av TNS Gallup, har nettavisa til Firda dagleg 20 000 lesarar. Dette er dei offisielle tala for mediebransjen, og her blir det tatt høgde for at kvar datamaskin kan ha fleire lesarar. Rapportane om talet på besøkande til nettsidene kjem to gonger i året, ein i februar og ein i august.

 

Det er ikkje slump som gjer at Firda har så mange lesarar kvar dag på nett.

– Målretta satsing på nettavisa over fleire år, med gode lokale saker og debattar som ofte får nasjonal merksemd. Dei siste par åra har vi også jobba mykje med samspelet mellom nettavis og papiravis, for å finne løysingar som gjer at dei to produkta gjensidig styrkjer kvarandre, fortel Grane om kva som er bakgrunnen for suksessen.

På spørsmålet om kor lenge Firda har vore største nynorskaktør på nett, stiller Eirik Grane eit spørsmål tilbake.

– Er nettsida til NRK Sogn og Fjordane også rekna med her? For deira del har ikkje eg oversikt over kor mange daglege lesarar det er snakk om.

Nettsida til NRK Sogn og Fjordane er den mest brukte nettsida i NRK-systemet, blir vi fortald i redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane. Hos TNS Gallup får vi opplyst at nettsida til NRK Sogn og Fjordane har 17 901 besøkande dagleg.

Ifølgje Espen Udland hos ABC Startsiden kjem Sogn Avis, Sunnhordland, Avisa Hordaland og Startsida på plassane bak Firda når det gjeld trafikk til nynorske nettsider. Dette opplyste han på eit interseminar i LNK i førre veke.

Med bakgrunn i lokalisering i Sogn og Fjordane er språkvalet naturleg for Firda.

– Firda har alltid nytta nynorsk som skriveform sidan Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke. Det store fleirtalet av dei som veks opp i området vårt har nynorsk som hovudmål, og det er kort og godt nynorsk som er språket vårt, svarer Grane.

Ifølgje tal frå TNS Gallup sitt måleverktøy tns scores, som måler nettrafikken heilt ned på timenivå, har Firda.no eit gjennomsnittleg tal på unike brukarar i februar på 16 943. Det gjennomsnittlege talet for året så langt er 16 009 unike brukarar, fortel kanalsjefen vidare.

På NRK sitt fylkesleksikon kan du lese meir om Firda.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...