Heim Nyhende Språkkamp i Arna

Språkkamp i Arna

Alle dei åtte grunnskulane i Bergen-bydelen Arna har nynorsk som administrasjonsspråk. Samstundes vel stadig færre elevar i bydelen nynorsk som hovudmål. Kor lenge vil det vere vilje til å halde på nynorsken i Arna, spør lokalavisa på leiarplass.

Lokalavisa Bygdanytt opplyser at dette skuleåret har knapt 40 prosent av elevane nynorsk som hovudmål, mot 60 prosent for 10 år sidan.

– Det er langt frå overraskande i eit samfunnsstrukturelt perspektiv. For dei fleste barn og unge ligg bokmål nærast opp til talemålet deira. Det kjem i stor grad av nærleiken til Bergen. Dei siste 50 åra har kommunikasjonen med storbyen blitt stadig tettare, og sjølv om mange bergensarar framleis ser på Arna som ei bygd, har bydelen fått eit langt større forstadpreg etter at Ulrikstunnelen opna og Bergen kommune blei administrasjonssenter, skriv Bygdanytt.

– Meir menneskeleg kontakt gir i seg sjølv auka språkleg tilnærming. I tillegg gir det auka sosial likskap, spesielt om barn og ungdom oppdagar at «Arna» og «bygd» ikkje er posititv lada ord i krinsar dei rører seg i. Då er det naturleg å justere på den fremste opphavsmarkøren vi har – språket, held avisa fram.

Bygdanytt peikar vidare på at det nynorske administrasjonsspråket i grunnskulane i Arna gir nynorskelevane betre rettar.

– Byter ein til bokmål som administrasjonsspråk, har ikkje mindre grupper nynorskelever lenger rett til eigne klassar. Det kan bli fatalt for nynorsken i Arna, og vil heller ikkje vera heldig i eit større språkleg perspektiv, meiner lokalavisa.

Bygdanytt meiner vidare at bydelen Arna skal halde fram med å forskjellsbehandle nynorsken positivt, ifølgje nasjonale språkpolitiske føringar, ved å halde på nynorsk som administrasjonsspråk i skulane, sjølv om stadig færre elevar vel nynorsk som hovudmål.

– Men politisk og administrativt vern hindrar ikkje at mållaga rundt om i landet kjempar ein stadig tøffare kamp. Den beste sigersoppskrifta er det same som den største utfordringa: Å overtyda foreldra om at nynorsk er bra for borna deira, sluttar leiaren.

Førre artikkelSlik er Diktarvegen
Neste artikkelNynorsksuksess på nett

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...