Heim Nyhende Bok + klede = forretning

Bok + klede = forretning

Kvart år gir klesprodusenten Dundelina ut ei ny forteljing av Roald Kaldestad som er med på å setje sitt preg på kolleksjonen.

Kleda som Dundelina sel no, ber alle preg av årets historie: «Dundelina og drivhuset». Dundelina er ei lita jente som Kaldestad har spunne historier rundt, no på fjerde året.

Dagleg leiar og designar i Dundelina, Monica Sanchez, fortel at ho kom i kontakt med Kaldestad då ho flytta frå Colombia til Noreg og byrja lage barneklede. Saman har dei laga eit konsept for utvikling av barneklede som Sanchez er svært nøgd med.

– Roald Kaldestad kjem til oss med utkastet til ei historie, og så diskuterer vi det saman.

Det gir Sanchez bilete ho kan jobbe vidare med, og Kaldestad lagar ferdig ei historie av det. Det blir gitt ut ei historie om Dundelina kvart år.

Til no har historiene vore sjølvstendige, men frå i år av skal kvar ny Dundelina-historie byggje vidare på dei førre.

Bøkene om Dundelina er ikkje å få kjøpt i butikken. Dei er tilgjengelege på klesmerket sine heimesider som ei fargebok barna kan laste ned og skrive ut. Men Sanchez legg ikkje skjul på at ho ønskjer å gi ut bøkene mellom stive permar, og ho seier det er forlag som har vist interesse for dette.

Medan Kaldestad skriv, er det Sanchez som illustrerer bøkene, og det er ho som designar og produserer barnekleda, der Dundelina og element frå historiene hennar går igjen. Kleda blir produserte i Tyrkia, Colombia og Kina, og dei blir selde i butikkar over heile Noreg. I tillegg har dei ein nettbutikk.

Ho jobba på liknande vis den gongen ho budde i Colombia, med å ha små historier bak kvart einaste plagg. – Eg ønskte å ha ei kopling mellom kleda og noko som var meir enn berre eit tema som blomar eller englar. Vi ville gi barna noko konkret dei kunne sjå på.

Konseptet med forteljing og klede er ikkje alltid så lett å forstå, det må gjerne forklarast. I alle fall for den vaksne, seier Sanchez. – Barna tek slike ting mykje lettare.

Ein gong laga ho til dømes eit klesplagg med haitenner, eit konsept mor og far ikkje heilt såg. Men barna skjønte poenget med ein gong, fortel ho. Og når først mor eller far har teke poenget, så kjem dei gjerne att. – Vi er heldige og har lojale og trufaste kundar, seier designar Monica Sanchez.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...