Heim Nyhende Kritiserer sjukehusa for kronglete brev

Kritiserer sjukehusa for kronglete brev

Sjukehusa skriv så kronglete brev at pasientane ikkje skjønar rettane sine, meiner helse- og sosialombod Anne-Lise Kristensen i Oslo.

Kristensen utdjupar problemet i årsrapporten sin som blir offentleggjort denne veka. Ho meiner dei uforståelege breva kan hjelpe dei mest ressurssterke til å ta seg fram i sjukehuskøane, skriv Aftenposten.

Tal som avisa har henta inn frå HELFO, viser at 60 prosent av dei som klagar, rykkjer fram i pasientkøen.

– Problemet kan enten vere at pasientane ikkje får den nødvendige informasjonen om kva rettar dei har. Breva er i alle fall ikkje skrivne slik at pasientane blir oppmuntra til å ta vare på rettane sine. Brev kan også vere så vanskeleg formulert at folk rett og slett ikkje skjønar dei, seier Kristensen.

– At pasientar som klagar, kjem før andre pasientar med same liding og hjelpebehov, er ein klart ulovleg praksis, i strid med kravet om medisinskfaglege vurderingar og er etisk svært tvilsamt, seier ho.

Direktør Bjørn-Inge Larsen i Helsedirektoratet seier dei har fått mange tilbakemeldingar frå folk som synest brev frå helseføretaka kan vere vanskelege å forstå. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...