Heim Nyhende For dårlege i sosiale medium

For dårlege i sosiale medium

Byråkratane er for dårlege til å utnytte sosiale medium. 

Det er konklusjonen i den nye rapporten Sosiale medium i forvaltinga frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

– På den eine sida kan alle sjå at staten brukar sosiale medium aktivt, men på den andre sida er det liten tvil om at me brukar sosiale medium for snevert. Kunnskapen om kva som er mogleg for dårleg, seier direktør i Difi, Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Det er gjennomført ei brei kartlegging av statlege verksemder sin bruk av sosiale medium, og konklusjonen er klar; kommunikasjonsavdelingane er pådrivarar for å bruke sosiale medium medan fagavdelingane manglar kompetanse og er ikkje bevisste nok til å utnytte potensialet.

Holte meiner kunnskapen må på plass i heile verksemda.

– Den mest nyskapande og nyttige bruken av sosiale medium skjer i samarbeidet mellom fag – kommunikasjons – og IT-avdelingar. Døme er når forvaltninga tar i bruk netthøyringar eksternt og wikiløysingar internt, seier han.

Difi har tidlegare laga ein veiledar i sosiale medium for forvaltninga, den skal no oppdaterast, blant anna med gode døme på korleis ein kan bruke sosiale medium på ein god måte.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...