Heim Nyhende – Høyr på dei unge

– Høyr på dei unge

– Bygg Diktarvegen med kunnskap og kreativitet – og høyr med dei yngste korleis dei vil ha det. Eg blir blitt bekymra når eg står her og ser at gjennomsnittsalderen i salen er 50 år, sa den svenske kulturentreprenøren Putte Svensson Sahlin då han gjesta Diktarvegkonferansen på siste dagen.

– Gå til dei som er under 15 år og høyr kva idear dei har. For dei er alt mogleg, dei har ikkje lært seg å seie nei, var beskjeden frå ein som snakkar av eigen erfaring.

Som 15-åring var Svensson initiativitakar til Hultsfredfestivalen, den første rockefestivalen i Sveriges historie. Med ungt pågangsmot og ein urokkeleg tru på at alt er muleg setje han i sving ein festival som på nittitalet nådde ufattelege høgder. Den vesle byen Hultsfred, med sine 4 500 innbyggjarar, var på det meste vertskap for 30 000 festivaldeltakarar. Sidan har han vore med og utvikla skular, campingplassar, andre kulturarrangement, og han er i dag ein ettertrakta kulturentreprenør og reiser rundt med sine føredrag.

– Har barna vore med og påverka det som skal skje langs riksveg 13, vil dei kjenne ansvaret for det i framtida, seier Svensson, som ikkje sjølv er redd for å invitere 8-åringar som referansegruppe for sine prosjekt. Han er heller ikkje redd for å dra ressonementet enno lengre: – Lytt ikkje til kva staten seier, tenk sjølve heller.

– Det er hundre gongar viktigare å kalle vegen Diktarvegen enn riksveg 13. Diktarvegen er unikt, sa kulturentreprenøren.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...